European Research Council Starting Grant til Hans Kristian Eriksen

Førsteamanuensis Hans Kristian Eriksen ved Institutt for teoretisk astrofysikk får ein svært prestisjefull Starting Grant frå det europeiske forskingsrådet ERC.

profilbiletet av ein mann

Foto: ITA

I 2007 oppretta EU det europeiske forskingsrådet ERC. Målet for ERC er å dela ut forskingsløyvingar til dei aller beste europeiske forskarane innan alle vitskaplege felt, der einaste kriterium er den framifrå kvaliteten for forskaren og det foreslåtte prosjektet. Det blir delt ut to typar løyvingar, såkalla Starting Grants for forskarar som tok doktorgrada si for over to, men ikkje meir enn 12 år sidan, og Advanced Grants som blir delt ut til forskarar som har komme lengre i karrieren sin.

Konkurransen om desse løyvingane har vore enorm. Mange tusen har søkt, men berre nokre få hundre har fått slike løyvingar. I første runda av utdelingar av Starting Grants i 2007 gjekk éin til Noreg, til den japanske hjerneforskaren Ayumu Tashiro ved NTNU. I annan runde i fjor fekk ingen i Noreg Starting Grant. No har resultatet for 3. runda av Starting Grant-søknader vorte offentleggjorde. I denne tredje runden søkte 2873 av Europas beste unge forskarar, og 427 av dei blir no tildelte ein Starting Grant. Denne gongen går tre slike Starting Grants til Noreg, forutan Hans Kristian Eriksen ved Institutt for teoretisk astrofysikk, blir professor Katja Franko Aas ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi, Universitetet i Oslo, og postdoktor Brian Chase ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen, tildelt ERC Starting Grants i denne runden. Så langt er Hans Kristian Eriksen denandre norske statsborgar som er tildelt ei slik løyving, og den første som skal utføra forskinga si i Noreg.

Hans Kristian Eriksen vil nå over dei neste 5 åra få 1,5 millionar euro (omtrent 12 millionar kroner) frå EU. Desse vil han bruka til å byggja opp ei forskingsgruppe som skal undersøkja om universet er likt i alle retningar, eller kanskje viser seg å ha ei føretrekt retning. Eriksen fann allereie i 2004, i arbeidet med doktoravhandlinga, at det i den såkalla kosmiske mikrobølgjebakgrunnsstrålinga, strålingsresten frå Big Bang, finst spor som kan tyda på at sjølve universet ser ulikt ut på ei himmelhalvkule enn på den andre, det vil seia at det finst ein bestemd akse eller retning i verdsaltet. Dei fleste teoriar me har for korleis universet er vorte til, seier at universet skal sjå heilt likt ut i alle retningar. Viss det verkeleg er slik at det er ei føretrekt retning, må teoriane våre reviderast. Hans Kristian Eriksen og dei Ph.d.-studentar og postdoktorar han vil finansiera frå denne løyvinga vil dei neste 5 åra undersøkja nye data frå satellittar og bakkebaserte observatorium for å studera denne moglege halvkuleforskjellen vidare.

Hans Kristian Eriksen er frå Tønsberg og er 33 år gammal. Han tok Ph.d.-grada ved Universitetet i Oslo i 2005, var tilsett som postdoktor ved Institutt for teoretisk astrofysikk frå 2006 til 2009, og vart fast tilsett som førsteamanuensis ved instituttet i juli 2009. I 2006 fekk han H. M. Kongens gullmedalje for beste doktoravhandling ved det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, og i vår vart han tildelt Fridtjof Nansens påskjønning for yngre forskarar.

By Per Lilje
Published Aug. 10, 2012 10:34 AM - Last modified Feb. 13, 2023 2:05 PM