English version of this page

Bioaktive naturstoff og helseeffektar (BioNatH)

Forskingsgruppa BioNatH driv med bioprospektering, og vår forsking bidreg til meir kunnskap om naturstoff og deira potensiale for å oppnå betre helseeffektar.

Om gruppa

Bioaktive naturstoff og helseeffektar (BioNatH) er ei forskingsgruppe der farmakognosi står sentralt. Farmakognosi er læra om farmasøytiske naturstoff og er det eldste farmasøytiske faget. BioNatH er i dag den største forskingsgruppa innan farmakognosi i Noreg.

Naturen har gjennom alle tider vore den viktigaste kjelda til medisin for mennesker. Levande organismar har ei unik evne til å syntetisere komplekse kjemiske molekyl som har vist å vere til nytte for menneske, både som del i mat og som legemiddelsubstans. I dag er meir enn halvparten av alle legemidla på markedet enten stoff frå naturen, derivat av naturstoff, eller stoff med ein struktur som etterliknar eit naturstoff. Store delar av verdas befolkning nyttar dessutan framleis planter i behandling eller førebygging av sjukdommar. BioNatH vil bidra til større forståing og kunnskap om naturstoff og medisinplantar som kan ha medisinske effektar og/eller bidra til positive helseeffektar.

Prosjekt

BioNatH er involvert i prosjekt der vi isolerar, analyserar og undersøkjer biologiske effektar av naturstoff. Vår spisskompetanse er knytta til karbohydratpolymerar og polyfenolar, isolering, identifikasjon med mellom anna GC, GC-MS, NMR og MS, samt å undersøkje effekten i biologiske testsystem realtert til inflammasjonsproblematikk. Inflammasjonsprosessar er nødvendige for motarbeiding av infeksjon og innebærer ei mobilisering av immunforsvaret. Inflammasjon er også av betydning ved mellom anna autoimmmune sjukdommar, ved hjarte-kar-lidingar, ved metabolsk syndrom og ved kreft. 

Studieprogram og emner

Ressursar

BioNatH har apparatur for ekstraksjon, fraksjonering og isolering av naturstoff i stor skala, både låg- og høgmolekylære substansar, og strukturoppklaring av desse. Vi har også instrument for analyse av ulike typar naturstoff. Vi har ein ny, moderne cellelab, metodikk for antioksidant-enzymhemming- og komplementtestar.

Utstyr og instrumentering:

Ekstraksjon:

  • Soxhlet
  • ASE (Accelerated Solvent Extraction)

Kromatografi:

  • CA-TLC, kromatotron
  • GC
  • GC-MS
  • FPLC
  • HPLC-DAD
  • HPLC-UV-VIS 
  • Preparativ HPLC-UV
  • HPLC-RI
  • HPAEC-PAD

Metodikk:

  • Karbohydratanalyser
  • Antioksidantanalyser

 

Publisert 9. nov. 2010 00:08 - Sist endra 10. okt. 2017 13:11