Disputation: Åsmund Skjæveland

Master in Physics Åsmund Skjæveland at Department of Physics will be defending the thesis Energy Inputs and upflow motion in the cusp for the degree of Ph.D.

Trial lecture - time and place

Åsmund Skjæveland

Trial lecture: 10:15 at Lille fysiske auditorium

Adjudication committee

  • Prof. Joshua Semeter, Department of Electrical and Computer Engineering, Boston University, USA

  • Prof. Cecar LaHoz, Institute for Physics and Technology, University of Tromsø, Norway

  • Prof. Arne Dahlback, Department of Physics, University of Oslo, Norway

Chair of defence

Prof. Eli Olaug Hole

Supervisors

Additional information

Oppvarming og vertikale vindar i dagnordlyset

Avhandlinga til Skjæveland legg grunnlag for betre forståing og ikkje minst modellering av finstrukturen i oppvarming og vertikale vindar i dagnordlyset. Han har studert detaljane i dei atmosfæriske mekanismane som tar energien frå nordlyset og lagar varme og vertikale vindar. Avhandlinga kan delast i tre:

  • Ein saksstudie av ein bestemt dag der han går i detalj på kva som skjer i nordlyset frå minutt til minutt når varmen blir slått av og på.
  • Ein saksstudie som ser i detalj på variasjonen frå minutt til minutt i vertikale elektriske vindar, og om vinden kjem seg fri frå Jorda.
  • Eit statistisk arbeid som legg grunnlag for betre modellering av varmeproduksjonen i dagnordlyset.

Dagens modellar av den øvre atmosfæren i polområda er grovmaska og fangar ikkje opp nyansane i prosessane. Men mykje av det som skjer i dagnordlyset over Svalbard foregår på liten til middels skala, og å bruka storskalamodellar til å simulera den øvre atmosfæren vil ofte undervurdera styrken av prosessane her.

I dagnordlyset over Svalbard blir det produsert store mengder varme. Når nordlyset blafrar så endrar alt rundt seg på få sekund. Kvar gong nordlyset blussar opp blir atmosfæren rundt nordlyset varma opp. Elektrisk ladde gassar i den øvre atmosfæren blir på kort tid løfta opp titals til hundretals kilometer. Nøytral gass blir løfta opp tilsynelatande mindre dramatisk, men i desto større mengder. Atmosfæren blir dramatisk rørt om og forstyrrar satellittar i låg bane. Dei elektriske gassane  som blir løfta langt nok opp vil forsvinna for godt ut i verdsrommet, og slik mistar Jorda heile tida litt og litt oksygen. Ved å gå inn i detaljane og trekkja ut kategoriar heller enn gjennomsnitt legg avhandlinga eit grunnlag for betre modellering og betre varsling av ionosfæreaktivitet.

Kandidaten har studert ved Universitetet i Oslo og Universitetssenteret på Svalbard. Han har tidlegare arbeidd ved Universitetets senter for IT-tenester og ved Kartverkets jordobservatorium i Ny-Ålesund. Han arbeider i dag med posisjonstenester og satellittnavigasjon ved geodesidivisjonen i Kartverket, med arbeidsstad på hovudkontoret i Hønefoss.

Published Apr. 27, 2017 9:53 AM - Last modified Apr. 27, 2017 9:55 AM