2012-05-02: Referat frå møte i Fysisk fagutval

  1. Godkjenning av dagsorden
    1. Godkjent.
  2. Godkjenning av referat frå sist møte
    1. Godkjent
  3. Post til fagutvalet
    1. Ingen spennande post.
  4. Møteaktivitet sia forrige gong
    1. Jonas har vore på instituttstyremøte. Ikkje så mykje snakk om ting som var relevante for oss. Men det vart snakka om søkartal: Søking til både FAM og MENA har gått ned. Eining om at profilering må verte betre. Det vart også snakka om å utvide instituttstyret, og det vil antakeleg medføre at me får ein representant til.
    2. Yngvil skal på SUFU snart.
    3. Wilhelm skal på TU-møte snart.
  5. Fagevaluering
    1. Alle evalueringene er sendt ut. Rapportene skal vere hos Eva før folk reiser heim for sumaren.
  6. Biblioteket
    1. Biblioteket må verte klart for studenter før det tek til med eksamener på StoreFy. Jørgen stikker opp på realfagsbiblioteket i næraste framtid og høyrer kva som står i vegen for at me tek i bruk areala.
  7. Eksamensverkstad
    1. Eva spør Christine om det finst midler f.eks. å betale gruppelærarar frå FYS-MEK for å delta, og evt. gåvekort til andre masterstudentar. Kanskje me også kan få penger til å kjøpe inn felles lunsj?
  8. Fagutvalssamling
    1. MNSU har fagutvalgsseminar neste torsdag kl. 17.00. Kristine og Eva planlegg å dra.
  9. Knask
    1. Ikkje godkjent; Helén prøver å ta med neste veke i staden.
  10. Evt.
    1. Fredrik: Kan me arrangere "instituttvors/-fest"? Fredrik tek ein prat med Einar, og Yngvil blir med på planlegginga.
Av Jørgen Eriksson Midtbø, sekretær
Publisert 9. mai 2012 09:38 - Sist endret 8. juli 2012 13:43