Geografi, geomatikk og hydrologi blant dei 50 beste på QS rangering

Institutt for geofag har fått gode plasseringar for to fagområder i QS World University Rankings som vart publisert i slutten av april. Fagmiljøet i naturgeografi, hydrologi og geomatikk (bildet) går opp til 50 plass, og fagmiljøet i geologi har plassering mellom nr 51 og 100 i rangeringa som blant anna baserer seg på sitering og omdømme.

Fagmiljøet i naturgeografi, hydrologi og geomatikk ligg no blant dei beste fagmiljøa i rangeringa frå QS World University Rankings by Subject for 2015. Foto: Institutt for geofag

To fagmiljø ved Institutt for geofag har fått plass på rangeringa frå QS World University Rankings by Subject for 2015. Som eit samla universitet ligg Universitetet i Oslo på ein 101 plass på rangeringa over dei beste universiteta i verden, og det er fleire fagmiljø ved universitet som utmerker seg.

Institutt for geofag har to fagmiljø som inngår i rangeringa under Natural Sciences i år. Desse er fagmiljøa i geografi, hydrologi og geomatikk som rykker opp på ein 50 plass på fagområdet Geography. Men også fagmiljøet i geologi får ei plassering mellom nr 51 og 100 under fagoområdet Earth & Marine Sciences.

QS World University Rankings måler fagmiljøene etter kvalitet på forskning og undervisning, arbeidsmiljø og læringsmiljø, grad av internasjonalisering og innovasjon.

- Det er hyggelig å bli rangert blant dei beste universitetsmiljøa på fagområder vi inngår i. Slike rangeringslister er ikkje eit mål i seg sjølv for oss, og dei er heller ikkje transparente med henblikk på metode og konklusjonene for rangeringa så dei har sine begrensningar. Men ei god rangering i årets QS World University Rankings er jo alltid hyggeleg å ta med seg og viser at vi har gode fagmiljø, seier instituttleiar Brit Lisa Skjelkvåle.

Internasjonale fagmiljø

Begge fagmiljøa som er rangert på QS er godt etablerte med mange ansatte både frå inn og utland, som deltar i sentre med internasjonal deltagelse, for geografimiljøet; SVALI (NCoE) og ICEMASS (ERC advanced grant). For geologimiljøet; SUCCESS (SFI), DIME (ERC advanced grant) og CEED (CoE) for å nevne nokre.

Forskarmiljøa deltar også i mange internasjonale prosjekt med samarbeidspartnarar frå store og anerkjente universitet i utlandet.

I tillegg har Institutt for geofag mange internasjonale studentar på høgare nivå på studieretningane til dei to fagmiljøa. Men der for så vidt internasjonale studentar på alle instituttets studieretningar siden det er ein internasjonal master i geofag - Geosciences (master's two years).

Fakta QS (UiOs pressemelding):

  • QS har vurdert 3551 universiteter og 894 institusjoner er plukket ut til rangeringen.
  • Av de 36 fagområdene QS vurderer har UiO blitt vurdert på 21 fagområder.
  • QS-rankingen baserer seg på en global omdømmeundersøkelse blant akademia, på siteringer i fagtidsskrifter, antall studenter pr. vitenskapelige ansatt og andel internasjonale studenter og ansatte.
  • UiO er i 2015 rangert på topp 50-listen over de beste universitetene på to fagområder: Kommunikasjon og media (40) og Geografi (50).

 

Av Gunn Kristin Tjoflot
Publisert 11. mai 2015 15:33 - Sist endret 25. okt. 2019 11:04