Geostudier fyrste gong på film

Dei to nye bachelorprogramma ved Institutt for geofag; Geofysikk og klima og Geologi og geografi har fått fine rekrutteringsfilmar. Det er fyrste gong geostudiene ved UiO er fanga på slike filmar, og du kan sjå filmane her.

Institutt for geofag har to nye bachelorprogram. Programmet Geofag: geologi, geofysikk og geografi tar ikkje opp nye studentar.

Det er laga fleire rekrutteringsfilmar for dei nye bachelorstudia ved MN-fakultetet som startar hausten 2017. Filmane vart fyrste gong vist på lanseringa av programma (og filmar) den 13. januar. Filmane kan sjåast på YouTube, og finnes både i ein kort og lang versjon.

Institutt for geofag er ein av dei som har fått filmar i fyrste omgang, og dei som har medvirka i filmane er både studentar og ansatte. Stor takk til: Kristine, Eivind, Kjetil, Helene, Harry, Karianne, Bernd, Sala, Grace, Luc, og Gunn Kristin. Og til alle som har halde i filmproduksjonen på fakultetet.

Filmane er laga av filmselskapet RedAnt

Her kan du sjå filmane:

Geofysikk og klima (bachelor)

Kort versjon av filmen.

Les mer om studieprogrammet Geofysikk og klima (bachelor)

Sjå og; UiO lanserer unik klimautdanning

Geologi og geografi (bachelor)

Kort versjon av filmen.

Les mer om studieprogrammet Geologi og geografi (bachelor)

 

Publisert 30. jan. 2017 14:28 - Sist endret 31. jan. 2017 09:39