Student-posterutstilling på GEO

Nyleg vart det opna ei student-posterutstilling i gamle biblioteket på Institutt for geofag. Studentane på BSc programmet i Geologi og geografi har bidratt med postarar, og dei kunne sjølv velgja tema. Resultatet har blitt 11 informative og interessante postarar. Utstillinga opna 26 april, og står framme til midten av mai.

Foto frå opninga av geo-studentanes posterutstilling. Foto: GEO/GK

Foto frå opninga av geo-studentanes posterutstilling. Foto: GEO/GK

Posterutstillinga er satt saman av studentanes oblig oppgaver i vårens emne GEO1110 – Jordens indre og ytre prosesser. Det er i alt 11 poster titlar, og bak kvar poster er det eit samarbeid mellom fleire studentar.

Utstillinga vart opna 26. april, med mange til stades deriblandt kursansvarlege professor Jens Jahren og førsteamanuensis Anders Mattias Lundmark. Studentane presenterte kvar sin poster og fagleg tema for sin poster under opninga.

Ei rekke fine postarar er på utstilling, og du kan lese og lære meir om:

  • Grunnvannet under Gardermoen
  • Kull – energi fra eldgamle sumper
  • Fra Myrhull til Kull
  • Fornybare ressurser i infrastruktur
  • En reise til Norges rikdom
  • Kobber (CU/29)
  • Uran og Thorum
  • Kull som ressurs
  • Kull – Fortides energikilde
  • Thorium – Norges nye energiressurs
  • Olje og gass og fornybar energi

Velkomen til å sjå utstillinga!

 

Publisert 30. apr. 2018 13:07 - Sist endret 2. mai 2018 12:56