Fagleg pedagogisk dag 2016

Læraranes årlege etterutdanningsdag ved UiO arrangeres i år torsdag 3. november på Blindern. Her kan lærarar få med seg aktuelle foredrag i fag dei underviser i eller tema som dei er interessert i å læra meir om. Institutt for geofag og NHM deltar med tre foredrag på Fagleg pedagogisk dag i 2016.

Geofag på Fagleg pedagogisk dag

Institutt for geofag og Naturhistorisk museum har i år tre foredrag på fagleg pedagogiske dag. Alle foredraga vert halde i Vilhelm Bjerknes hus, Auditorium 4.

Du kan læra meir om mineraler, fossiler og sjå korleis meteorittar ser ut under mikroskopet...

Eksempel på ein tynnslip av eit mineral sett under ei kraftig mikroskop. Tynnslipen er gjort av teknikar Salah Akhavan/UiO som også har tatt fotoet (all rights reserved).

Eller du kan læra meir om platetektonikkens betydning for korleis Noreg ser ut....

Skjematisk kart over dei tektoniske platene slik dei er i dag. Platene beveger seg i forhold til kvarandre. Kartet ligg ute på Wikipedia og er laga av USGS - U.S. Geological Survey. http://pubs.usgs.gov/publications/text/slabs.html

Eller vil du læra om korleis du kan bruka naturen i geo-undervisninga...?

Vi i Noreg har tilgang på flott natur nesten kvar enn ein er i landet. Natur som kan brukast i undervisinga i geofag på vidaregåande skule. Dette fine fotoet er tatt på Finse i Hordaland. Foto: Gunn Kristin Tjoflot

 

På Open dag har du i tillegg moglegheit til å høyra mange andre spanande foredrag frå andre institutt på MN-fakultetet:

Presentasjon av programmet og foredrag finn du på ei eiga webside.

Publisert 12. okt. 2016 15:33 - Sist endra 12. okt. 2020 10:33