Breana i Norge minkar

Breane i Norge er no undersøkt for areal- og lengdeendringar, og studien viser at breane stort sett har minka over heile Norge. Det er breane i Nord Norge som har minka mest i areal av dei norske breane. Dette kjem fram i artikkelen "Breendringer i hele Norge" på nettstaden til Senter for klimaforskning - CICERO, som er skrive av Solveig Havstad Winsvold frå Institutt for geofag, samt Liss M. Andreassen, NVE.

Foto: Norske brear minkar, her Midtdalsbreen på Finse. Foto: Institutt for geofag

Norske brear minkar, her Midtdalsbreen på Finse. Foto: Institutt for geofag

Den nye publikasjonen viser at breane stort sett har minka over heile Norge sjølv om det er regionale endringar. Forskarane har i tillegg no med sine analyser kunne sjå i kva regionar og landsdelar der det har vore mest endringar i dei siste tiåra.

Det er første gong at breene i Norge har vorte kartlagt for endringar i areal og lengde og samanlikna for dei siste ca 30 årene.

I denne perioden har arealet til dei norske isbreane minka mest i Nord-Norge (17 %), mens minst reduksjon er målt for breane i Midt Norge (4 %).

Sjølv om den generelle trenden er at breane krympar er det regionale endringar, nokre få brear minkar ikkje, påpeiker forskerne i sin artikkel.

 

Les artikkel:

Breendringer i hele Norge, CICERO, Nettsaker 24.03.2015.

 

Sjå også:
Norske breer kartlagt, Klima 2012, nummer 6: pp.16-18 (pdf)

 

Referanse fagartikkel sjå:

Winsvold, Solveig Havstad; Andreassen, Liss Marie & Kienholz, Christian (2014). Glacier area and length changes in Norway from repeat inventories. The Cryosphere.  ISSN 1994-0416.  8(5), s 1885- 1903 . doi: 10.5194/tc-8-1885-2014

 

Publisert 31. mars 2015 09:37 - Sist endret 31. des. 2022 09:40