Geologibygningen - Historie og fakta

Institutt for geofag, Universitetet i Oslo held til i Geologibygningen som er eit undervisningsbygg som huser fleire auditorier, seminarrom, laboratorier og annan infrastruktur, samlingar, PC-lab og kontor.

Vindeltrappa i inngangspartiet, Geologibygningen, institutt for geofag. Foto: GK Tjoflot

Vindeltrappa i inngangspartiet, Geologibygningen, institutt for geofag. Foto: GK Tjoflot

Geologibygningen ligg på Campus på Blindern, Universitetet i Oslo med dei andre realfagsbygga i gåavstand.

Geologibygningen er eit undervisningsbygg frå 1957. Den offisielle opningsdatoen var 12 februar 1958. Geologibygningen hadde opprinneleg to fløyar når den var ny. På 1970-talet kom det fleire studentar, og det var naudsynt å byggja ein ny fløy. Den tredje fløyen mot aust vart bygd i 1985-1986.

Mosaikk av norsk bygningsstein

Golvet i vestfløyen (inngangshallen) har ein sjelden fin mosaikk med forskjellige typar stein, frå marmor, skifer, kleberstein, gneis og granitt.

Mosaikken består av totalt 139 typar stein frå heile Norge. Mosaikken gir eit interessant bilde av norske byggesteinar med henblikk på fargar, tekstur og finish. Finn meir informasjon om kvar steinen kjem frå på oversikta i denne plakaten (pdf).

Mosaikken er teikna av arkitekt Finn Bryn og laga av AS Johs. Grønseth & Co. Sjå deler av mosaikken i biletet under.

Detaljar av mosaikk gulvet i vestfløyen av Geologibygningen, Institutt for geofag. Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen, UiO

Geologibygningen, nokre fakta:

Byggeår:
1955 - 1957

Arkitekt:
Finn Bryn (les om arkitetekten på Norsk Biografisk Leksikon

Adresse:
Sem Sælands vei 1

Kart:
www.uio.no/om/finn-fram/omrader/blindern/bl19/

 

Publisert 15. apr. 2014 12:49 - Sist endra 14. aug. 2017 16:35