Geologibygningen ligg på Campus på Blindern, Universitetet i Oslo med dei andre realfagsbygga, Universitetsbiblioteket og andre bygningar i gåavstand.
Geologibygningen er eit undervisningsbygg frå 1957. Den offisielle opningsdatoen var 12 februar 1958. Geologibygningen hadde opprinneleg to fløyar når den var ny. På 1970-talet kom det fleire studentar, og det var naudsynt å byggja ein ny fløy. Den tredje fløyen mot aust vart bygd i 1985 – 1986.
Mosaikk av norsk bygningsstein
Golvet i vestfløyen (inngangshallen) har ein sjelden fin mosaikk med forskjellige typar stein, frå marmor, skifer, kleberstein, gneis til granitt. Mosaikken består av totalt 139 typar stein frå heile Norge.
Denne golvmosaikken gir eit interessant bilde av norske byggesteinar med henblikk på variasjonar i fargar, tekstur og finish. Informasjon om kvar steinen kjem frå finnes nedteikna i ei oversikta i denne plakaten (pdf).
- Meir om golvmosaikken: Tråkk på et kunstverk, Uniforum
Mosaikken er teikna av arkitekt Finn Bryn og laga av AS Johs. Grønseth & Co. Mosaikken vart i sin tid finansiert av den norske steinindustrien. Sjå litt av mosaikkgolvet i biletet under.
Geologibygningen, nokre fakta:
Byggeår:
1955 – 1957
Arkitekt:
Finn Bryn (om arkitetekten, Norsk Biografisk Leksikon)
Adresse:
Sem Sælands vei 1