Historie

Institutt for biovitskap blei danna i etter samanslåinga av Insittutt for Molekylærbiologi og biologisk kjemi og Biologisk Insittutt i 2013, men fagetfeltet biologi har lange tradisjonar.
Universitetet i Oslo blei grunnlagt i 1811. Då var universitetet delt opp i fire fakultet: teologisk, juridisk, medisinsk og filosofisk fakultet. Sistnemnde blei delt opp i ei historisk-filosofisk del og matematisk-naturvetenskapeleg del i 1860.
 
Biologi var delt opp i fagfelt som zoologi, botanikk, fysiologi og genetikk, til dømes.
Ein av dei mest omtalte professorane er Kristine Bonnevie, som vart Noregs første kvinnelege professor. Ho var professor i zoologi ved Zoologisk laboratorium ved Universitetet i Oslo i 1912.
 
Kristine Bonnevies hus, eller Biologi-bygningen som han vart kalla, er oppkalt etter Noregs første kvinnelege professor og vart ferdig i 1971. Biologane holder stort sett til i dette bygget, men some holder også til på Tøyen i Naturhistorisk museum.
 
Til 100-årsjubileet for Noregs første kvinnelege professor blei det utgitt ei biografi som kan anbefalast for dei som vil lese meir.
Publisert 22. juni 2017 09:46 - Sist endra 22. juni 2017 09:47