English version of this page

Skal du reisa i jobb eller studiesamanheng?

Alle tilsette og studentar frå instituttet som skal på reise, skal kjenna til UiOs reglar for reiser: generelle reiseråd, ikkje relatert til sjølve feltarbeidet.

I samband med planlegging og førebuing av reiser i utlandet er det i dei sentrale beredskapsplanane beskrivne følgjande tiltak, som skal gjerast kjent for studentar og tilsette. For feltarbeid er det eigne prosedyrar.

Tilsette

For tilsette er det beskrive kva du må gjera før reisa, ved bestilling, under og etter reisa

Studentar

Slik reiser du på utveksling – skildring av heile prosessen.

Forsikring

For tilsette og studentar; sjekk alltid at du har nødvendig forsikring, og eventuelle nødvendige tilleggsforsikringar.

Ansvar

Det er leiars ansvar ved eininga å sørgja for at denne informasjonen er gitt og motteke.

Det er ansvaret til tilsette å sørgja at reglementet blir følgt.

Publisert 31. mai 2017 09:18 - Sist endra 13. feb. 2023 15:49