Historia til instituttet

 

  • 1977: Institutt for informatikk vart oppretta med tre faggrupper; databehandling, numerisk analyse og kybernetikk.
  • 1980: Flytta frå Matematikkbygningen til austfløyen i Fysikkbygningen.
  • 1987: Informasjonsteknologiprogrammet vart initiert av regjeringa og driftsmidla til instituttet vart firedobla.
  • 1988: Innflytting i eige informatikkbygg, Kristen Nygaards hus, saman med Norsk Regnsentral.
  • 1997:Oppdeling av 5 studieretningar til 9 forskingsgrupper.
  • 1999: Gründerskulen vart starta opp.
  • 2001: Delar av instituttet vart skilt ut for å etablere Simula-senteret på Fornebu.
  • 2010: Ny studiereform med 5 studieprogram. Eit eige EVU-program vart starta opp. Studielaben vart etablert.
  • 2011: Innflytting i Ole-Johan Dahls hus i Gaustadbekkdalen.
  • 2012: Rekordmange studentar på våre 5 studieretningar, 13 forskingsgrupper og ny satsing på Jenter og IT.
  • 2013: Senter for Entrepenørskap (SFE) vart organisatorisk plassert ved IFI.
Publisert 26. nov. 2012 10:26 - Sist endra 26. jan. 2016 14:46