English version of this page

Biologisk kjemi

Vi studerer krystallstrukturane til aminosyrer, peptid og protein, enten aleine eller i kompleks med andre forbindingar. 

Dette er eit kunstnerisk inntrykk av modell-enzymet chorismate glyceratmutase i aksjon. Gule  chorismate molekyl  kjem inn frå venstre og forvandlast via ein bisyklisk overgangstilstand (her avbildet i  lys orange ) til prephenate, vist i orange. Det var ein tiårig debatt om korleis dette enzymet oppnår sin katalytiske effektivitet, noko som no har vorte løyst eksperimentelt.

Kva vi driv med

Crystal engineering

Einkrystall røngtendiffraksjon nyttast som analyseverktøy til å stadfeste 3-D strukturen til molekyl, for eksempel synteseprodukt relatert til potensielle legemiddel.

Først og fremst  gjer vi grunnleggande undersøkingar av eigenskapane til naturstoff som aminosyrer og peptid, samt målretta design av nye typar organisk materiale med nyttige eigenskapar. Her fungerer nøye tilpassa molekyl som byggeklossar i såkalla supermolekylær syntese («crystal engineering»). 

Proteinkrystallografi

Proteinkrystallografi er den viktigaste teknikken for strukturoppklaring til protein og andre makromolekyl.

Hos oss kan du dessutan lære deg molekylærbiologi og proteinkjemi.

Vår hovudinteresse er på medisinsk relevante system, som t.d. anti-kreft antistoff og bakterielle toksin. I fleire prosjekt er vi med på å utvikle legemiddel (structure-based drug design). 

 

Samarbeid

Gruppa er med i Protstruc, GlycoNor  og BioStruct

Fast vitskaplege tilsette

Professor Carl Henrik Gørbitz

Professor Ute Krengel

Publisert 24. sep. 2012 10:58 - Sist endra 9. aug. 2016 14:38