Disputas: Birgit Kjoss Lynge

Cand.Scient. Birgit Kjoss Lynge ved Matematisk institutt vil forsvare sin avhandling for graden PhD: High resolution tidal models for the Norwegian coast .

Birgit Kjoss Lynge

Tid og sted for prøveforelesning

10:15 Aud. 1, Geologibygningen: Internal tides and their importance to dissipation in the ocean

Bedømmelseskomité

  • Professor Jinyu Sheng, Dalhousie University
  • Associate Professor Anna K. Wåhlin, Department of Earth Sciences, University of Gothenburg
  • Professor John Grue,  Matematisk institutt, Universitetet i Oslo

Leder av disputas

Avdelingsleder Professor Atle Jensen

Veiledere

  • Professor  Bjørn Gjevik, Universitetet i Oslo
  • Professor Jarle Berntsen, Universitetet i Bergen
  • Professor Geir Kleivstul Pedersen, Universitetet i Oslo
     

Sammendrag

Sterk straum kan vere ei utfordring og eit faremoment for skipstrafikken. Langs kysten av Noreg finnast mange trange og grunne sund med sterk straum. Avhandlinga viser at matematiske datamodellar kan vere eit nyttig verkty for å berekne straum i slike straumsterke sund. To matematiske datamodellar har vorte brukt til å simulere straum i den kjende og energiske malstraumen Moskstraumen mellom Moskenesøy og Verøy i Lofoten. Straumbilete er kompleks med sterk straum gjennom sundet og virveldannelse i bakevja av straumen. Datamodellane gir godt samsvar med observasjonar i området. I norske farvatn spelar tidvatnet ei sentral rolle for straumen. Simuleringar av tidvasstraum er også utført for Tjeldsundet mellom Narvik og Harstad og for Trondheimsleia, begge viktige trafikkårer for skipstrafikken langs Norskekysten. For Trondheimsleia er det utvikla ein demonstrator der strauminformasjon er gjort tilgjengeleg i eit elektronisk kartsystem. I demonstratoren får navigatøren på brua opp straumpiler i kartet som viser styrke og retning på tidvasstraumen i sann tid. Tilrettelegging av strauminformasjon for skipstrafikken kan soleis vere eit nyttig verkty for navigasjon for å unngå farlege situasjonar. Eit slikt verkty vil også kunne gi ein miljøgevinst ved bruk i planlegging av seilasen. I dag er informasjon om straum å finne i publikasjonen Den norske los (Statens kartverk Sjø) for dei mest straumsterke sunda langs kysten.

 

Straumens retning og styrke kan også spele ei viktig rolle i spredning og transport av forureining i kystfarvatn. Transport av forureining frå t.d oljesøl og industriell aktivitet, transport av lakselus eller sjukdom frå fiskeoppdrett og transport av kloakkutslepp kan påvirke kvaliteten på vatnet og det naturlege marine økosystemet. Modellsimuleringar i Moskstraumen viser store horisontale variasjonar i spredningsmønsteret i straumen. Dagens modellar brukt for å kartlegge t.d spredning av oljeutslepp tek ikkje hensyn til desse horisontale variasjonane. Resultata frå berekningane  i Moskstraumen viser at det er viktig å berekne dei horisontale variasjonane i straumbilete for å kartlegge spredningsmønsteret.

For mer informasjon

Kontakt Marie Wennesland
 

Publisert 13. mai 2011 12:58 - Sist endret 28. nov. 2011 13:42