English version of this page

Centre of Mathematics for Applications (CMA)

CMA eksisterte i perioden 2003-13 som eit "Senter for fremragende forsking" (SFF), finansiert av Norges forskningsråd. Ved UiO har det vorte vedteke at kjerna i CMA skal jobba vidare langs dei hovudlinjene som er bygd opp gjennom SFF-perioden og nye, tverrfaglege satsingar er uttalt hovudstrategi.

CMA-aktiviteten har i SFF-perioden vore bygd på følgjande visjon: ”To create significant development in modern mathematics based on interplay between theory, computations, and applications”. Denne fana har vore halde høgt og kjenneteikna strategiske val. Det er naturleg å halda fram i same ånd.

Eit mål i kommande periode vil vera å utnytta røynslene, kompetansen og det gode ryktet som CMAs forskingsgrupper har oppnådd til å søkja større forskingsprosjekter, både i Norge og i Europa. I tillegg er målet å vidareutvikla den solide grunnforskinga som er i gang innan CMAs kjerneområde; stokastisk analyse, partielle differensiallikninger og geometri. Vidare er ambisjonen vår å bidra sterkt til å fortsatt modernisere matematikken og den sin anvendelse ved UiO, både innan forsking og utdanning. Vi planlegg óg nokre nye initiativ av strategisk tyding, ikkje berre for matematikkmiljøet, men for UiO som heilskap.

Sjå den engelske versjonen av denne sida for meir informasjon. 

 

 

 

 

Publisert 6. mai 2013 12:33 - Sist endret 29. apr. 2015 14:34