English version of this page

Isfjelldynamikk (avslutta)

Om prosjektet

Polare område, særleg Arktis, har fått auka merksemd innan forsking dei siste 10 år. Klimaendringar og i parallell teknologiske nyvinningar gir nye moglegheiter i desse sårbare områda for menneskeleg aktivitet, inkludert berekraftig utvikling av råvarebasert industriar, havbruk, turisme og kortare ruter for skip mellom Europa og Asia. Auka kunnskap om de Arktiske områda vil føra til betre prediksjon av farar ved havis og som vil gi moglegheiter for tryggare og meir miljøvennlege aktivitetar i nord. I dette prosjektet vil me utvikla metodologi som vil føra til tryggare operasjonar i Arktiske hav.

Dei viktigaste temaa;

  • Utvikla autonome sensorar tilpassa polare område som vil overvaka rørsle til is og isfjell, prosessera data lokalt og senda data over satellitt.
  • Studera kjelder til energitap under sjøis som er ein viktig mekanisme for bølgedempning til havs. Betre forståing av fysikken vil gi betre modellar for bølgjer i eit Arktis i endring.
  • Utvikle metodar og teori for overvaking av 3D rørsle av isfjell, overvaking av drift og analyse av stabilitet som er nødvendig for tauing av isfjell.
  • Studera bølgjers påverknad av isfjell, straumdrag og vind ved å nytta moderne berekningsverktøy ("computational fluid mechanics" (CFD)); både kommersielle og forskingsbaserte kodar.
  • Utvikle numeriske verktøy i samarbeid med Metrologisk institutt, for å forbetra varsling av drivis med fokus på å betra tryggleiken ved aktivitetar i Arktis.

Forskingsgruppa;

Finansiering

Dette prosjektet er finansiert av Norges Forskningsråd. Prosjektnummer: 280625

Denne sida vert ikkje oppdatert med løpende informasjon frå prosjektet. Gå til  engelske versjonen av denne sida for å lese meir om prosjektet. 

 

 

 

Emneord: Mekanikk, Fluidmekanikk, Polarområder
Publisert 4. apr. 2018 15:50 - Sist endra 4. mai 2023 14:04

Deltakarar

  • Atle Jensen Universitetet i Oslo
  • Jean Rabault Universitetet i Oslo
  • Jan Erik Weber Universitetet i Oslo
  • Trygve Kvåle Løken Universitetet i Oslo
  • Yiyi Whitchelo Universitetet i Oslo
  • Mark Johnson
  • Thierry Coupez
  • Aleksey Marchenko
  • Kai Christensen
  • Graigory Sutherland
Detaljert oversikt over deltakarar