Organisasjon

Matematisk institutt omfattar faga matematikk, mekanikk og statistikk og dessutan ein felles teknisk/administrativ stab. Instituttet leiast av instituttleiar og eit styre.

Forskinga er organisert i 10 forskingsgrupper som igjen er samla under 6 seksjonar (sjå klikkbart organisasjonskart nedst på sida). 

Instituttstyret fastlegg overordna mål, prioriteringar og strategiar for verksemda. Kvart av fagområda har ein vald leiar som saman med instituttleiar, avløysar for instituttleiar og kontorsjef utgjer leiingsgruppa til instituttet. 

Kjerneverksemda på instituttet er forsking, undervisning og formidling. Instituttet er eit fagleg møtepunkt for tilsette og studentar.

I menyen til venstre finn du eit oversyn over alle styre, råd og utval ved Matematisk institutt. 

styret ledelsen seksjon1 mekanikk seksjon2 statistikk-biostatistikk seksjon3 stokastisk-analyse seksjon4 bm partielle-differensiallikninger seksjon5 geometri-topologi algebra seksjon6 logikk operatoralgebraer flere-komplekse-variable

Publisert 29. okt. 2010 09:48 - Sist endret 10. mai 2016 13:53