Nytt masterprogram for handtering av stordata

Hausten 2018 skjer det! Då går startskotet for eit framtidsretta og ettertrakta masterprogram innan Data Science.

Foto: UiO

Vi ynskjer første generasjon studentar velkomen til eit framtidsretta studium som er det første i sitt slag i Noreg,og som har mange fellestrekk med programmet i Data Science ved til dømes Harvard, seier leiar for studieprogrammet Geir Storvik.

Matematisk institutt har i samarbeid med Institutt for Informatikk utvikla eit masterprogram som vil utdanne spesialistar med særs verdifull kompetanse i kryssingspunktet mellom statistikk og informatikk,spesialisert mot handtering og analyse av store, komplekse datamengder. 

Meir enn å kunna nytta ulike verktøy for slike analysar, vil disse dataforskarane ha eit solid metodisk fundament og rå over ei djupare forståing av metodane og algoritmane som ligg bak. Kompetanse i statistikk, maskinlæring og datastrukturar er heilt fundamental for at næringsliv og forvalting skal kunne utnytta sine data fullt og korrekt, og for å utvikle nye metodar, som gir konkurransefortrinn og nye mogelegheiter. Etiske problemstillingar, personvern og datatryggleik er òg viktig element i studiet.
Studieprogrammet fokuserer på både breidd og spesialisering i ulike retningar, og har desse spesialiseringene:
  • Statistikk og maskinlæring
  • Database Integrasjon og Semantisk Web
  • Data Science og livsvitenskap

Studiet er basert på prosjekt i masteroppgåva som er relatert til reelle problemstillingar frå industrien, offentleg sektor og frå andre vitskaplege disiplinar. Slike prosjekt vil blant anna fremjast gjennom dei to senterene for forskningsbasert innovasjon BigInsight og Sirius, og dessutan gjennom dei profesjonelle kontaktane instituttet har med andre fagdisipliner både på universitetet og andre stadar.

Søknader til studiet vert motteke mellom 1. februar og 15. april 2018 (1.mars for studentar frå EU).

Bachelorstudentar som manglar nokon av dei emna som er krav for opptak til det nye masterprogrammet må hugsa å melda seg på relevante bachelorfag innan 1. februar viss dei vil kvalifisere seg til å søkja seg inn på programmet.

Les meir om sjølve masterprogrammet her: http://www.uio.no/studier/program/datascience-master/

Kontaktpersonar:

Prof. Ingrid glad
glad@math.uio.no
Prof. Geir Storvik, geirs@math.uio.no
Publisert 26. jan. 2018 11:46 - Sist endret 26. jan. 2018 11:51