UiO tek mål av seg å vere eit leiande forskingsuniversitet. Difor har MN, som eit lab-tungt fakultet, ei spesiell utfordring med å sikre eit forsvarleg arbeidsmiljø for studentar og tilsette og for å sikre at forskinga går føre seg i trygge omgivnader.
MN-fakultetet har som mål å kvalitetssikre HMS-arbeidet ved einingane, slik at:
- Arbeide er samordna og i tråd med UiO sitt overordna mål for HMS på fakultetet sitt instituttnivå
- Studentar og tilsette har eit fullt forsvarleg lærings- og arbeidsmiljø, med fokus på førebygging av uønskte hendingar
- Det byggast ein felles HMS-kultur som bidreg til at dei tilsette opplev arbeidsplassen som helsefremjande
- Etablert HMS-system oppfyll lova sine krav til Helse, miljø og tryggleik
Igangsette HMS-prosjekt
Kontaktpersonar ved MN-fakultetet
- Fakultetsverneombud: Hilde Nilsen
- Beredskapsansvarleg: Kyrre Karlsen
- Brannvernansvarleg: Pål Linberg
Arbeidsmiljøutvalet ved fakultetet (MN-LAMU)
MN-LAMU er eit sammensatt utval som handsamar ulike saker knytt til HMS-arbeid.
• Sjå kontaktar og møtereferat.
HMS-handboka
Handboka viser organiseringa av HMS-arbeidet på fakultetet og rutinar som er utvikla for arbeidet.