Studentdemokrati

Som student ved SFE kan du engasjere deg i studentdemokratiet lokalt ved Senter for entreprenørskap, på fakultetsnivå, eller gjennom ein av organisasjonane som fremjer interessene til studentane på øvste nivå ved UiO.

Ved Senter for entreprenørskap fins det per idag ikkje eit eige fagutval, men studentane velgjer to studentrepresentantar. Studentane har éin representant i programrådet for masterutdanninga, og kan i tillegg stille med ein observatør som har tale- og forslagsrett. SFEs administrasjon kan fortelje meir om kven som representerer studentane akkurat no. 

Studentane ved MN-fakultetet har sitt eige studentutval som du kan bli med i: Matematisk-naturvitenskaplig Studentutvalg (MNSU)

Det er også mogeleg å engasjere seg i studentdemokratiet ved UiO gjennom Norsk studentorganisasjon eller dei studentpolitiske listene ved UiO. Derfra kan vegen gå vidare til Studentparlamentet, som er sammensett av 28 representantar valgt frå dei politiske listene og åtte representantar frå studentutvala ved fakulteta (deriblant MNSU). 

 

 

Publisert 13. jan. 2011 15:27 - Sist endret 20. sep. 2016 15:47