Opplevinga av ei formørkning

Ei solformørking kjem sjeldan til deg, det er du som må jakta på ho.

bilete av ei solformørking som viser ein kvit ring på svart bakgrunn

Diamantring på himmelen: Sola har akkurat byrja å kikka fram frå bak månen etter den totale solformørkinga på Svalbard i 2015. Foto: Håkon Dahle.

Den neste totale solformørkinga som kan sjåast i Noreg, kjem først i 2061. Ikkje rart at dei ivrigaste har reist langt for å få med seg dagens og årets storhending.

Måndag 21. august 2017 er ei total solformørking synleg frå USA, og mange - også astronomar - har lagt ferien dit for å oppleva fenomenet.

Sola er 400 gonger så stor som månen, men han er også 400 gonger lenger unna oss. Frå jorda ser dermed sola og månen omtrent like store ut.

Les saka på titan.uio.no

Publisert 21. aug. 2017 14:10 - Sist endret 25. mai 2023 12:52