Nye resultat frå NASAs rombaserte røntgenteleskop, Chandra X-ray Observatory, har gjort store framsteg når det gjeld å forklara korleis ein spesiell type svarte hol kan vera istand til å deaktivera jetstrålene dei produserer. Resultata tyder på at desse svarte hola har ein innebygd mekanisme for å regulera farten dei veks med.
Ved hjelp av romsonden Cassini som går i bane rundt ringplaneten Saturn er det oppdaga ein ny minimåne som går i bane rundt planeten. Dette er Saturns 61. kjende måne.
Store deler av atmosfæren til Pluto er 40 grader varmere enn overflaten. Astronomer har gjort disse overraskende funnene ved hjelp av et digert teleskop i Chile. Årsaken er uventet store mengder med metan.
NASAs nye planetjeger, Kepler, ble skutt opp opp i natt kl. 4:49 norsk tid. Kepler skal lete etter nye planeter utenfor vårt solsystem, med fokus på å finne jord-lignende planeter i den beboelige sonen rundt andre stjerner. Satellitten er dermed et viktig ledd i jakten på liv i andre solsystemer.
17. mars kl 15:21 norsk tid, vart Esas satellitt GOCE skote opp frå Plesetek Cosmodrome i det nordlege Russland. GOCE skal kartleggja gravitasjonsfeltet til jorda med betre presisjon enn nokon gong tidlegare, og med det gi innsikt i havsirkulasjonen, korleis havnivået forandrar seg, klimaforandring, vulkanisme og jordskjelv.
Kinas første satellitt i bane rundt månen, Chang'e-1, kræsja som planlagt på måneoverflata om morgonen (norsk tid) søndag 1. mars. Den 16 månader lange ekspedisjonen er dermed over. Chang'e-1 har i løpet av denne perioden studert måneoverflata, mellom anna ved å laga tre-dimensjonale kart.