Mørk materie i vår eigen galakse

Den mørke materien held dei ytste stjernene i galaksar på plass så dei ikkje blir bli slengde ut i rommet. Men mørk materie i det indre av galaksar, spesielt vår eigen, har vore vanskelegare å få kontroll på.

biletet av Melkeveien

Sporet til rotasjonskurva over Melkeveien sett frå den sørlege halvkula. Spora er fargekoda i blått eller raudt avhengig av den relative rørsla i forhold til Solen. Den blå skya illustrerer fordelinga til den mørkte materien. Bilete: Serge Brunier.

På tidsskriftet Natures nettsider i byrjinga av februar i år vart det publisert ein artikkel som handlar om den mørke materien i vårt eige kosmiske nabolag.

Den internasjonale forskargruppa bak artikkelen har tilknyting til Stockholms universitet. Forskarane har funne teikn til mørk materie i det området av vår eigen galakse der Solen og planetsystemet vårt er, og også endå nærare sentrum av galaksen.

Forskar Håkon Dahle ved ITA har jobba med galaksar og mørk materie i mange år. Han fortel at det nyskapande og spennande med denne undersøkinga er at ho er gjord utan førehandsantakingar om korleis den mørke materien fordeler seg.

Arbeidet er også gjort under føresetnad om at den generelle relativitetsteorien ikkje treng nokon utvidingar. Ein kan derfor ikkje bruka desse resultata til å trekkja nokon konklusjonar om det verkeleg finst mørk materie eller om det til sjuande og sist er ei endring i gravitasjonsteoriane våre som må til for å forklara observasjonane.

Men om ein går ut frå at den generelle relativitetsteorien stemmer, så stemmer desse målingane veldig bra med det som er forventa utor dagens modellar av fordelinga av mørk materie. 

Håkon Dahle kommenterer resultata i meir detalj i denne saken på forskning.no.

Publisert 17. feb. 2015 14:04 - Sist endret 15. feb. 2023 17:46