Vinnarane av Kavliprisen 2016

Kavliprisen i astrofysikk 2016 blir delte mellom forskarane bak oppdaginga av gravitasjonsbølgjer.

bildekollage av tre ansikt
Årets Kavliprisvinnere i astrofysikk Ronald W. P. Drever, Kip Thorne og Rainer Weiss. Foto: Kavliprisen

Kavliprisen i astrofysikk går i år til Ronald W. P. Drever (California Institute of Technology, Glasgow University), Kip Thorne (California Institute of Technology) og Rainer Weiss (MIT) for bidraget deira i oppdaginga av gravitasjonsbølgjer. Les begrunnelsen fra komiteen.

Inga overrasking

Signala som i fjor stadfesta eksistensen av gravitasjonsbølgjer, representerer eit funn av ein slik storleik som er sjeldan innan naturvitskapane. Det var derfor inga stor overrasking at oppdaginga vart påskjønt med årets Kavlipris i astrofysikk.  

– Den ville gitt låge odds på førehand. Eg vil heller ikkje bli veldig overraska om oppdaginga også blir påskjønt med Nobelprisen i fysikk, spår forskar Håkon Dahle ved Institutt for teoretisk astrofysikk.

Ringverknader

Plotta svart bakgrunn og blå og rød linjer
Plotta viser signala frå gravitasjonsbølgjer som vart plukka opp av LIGO-laboratoriet.
Illustrasjon: Caltech/MIT/LIGO Lab

Eksistensen av gravitasjonsbølgjer vart føresagd som ein konsekvens av Einsteins generelle relativitetsteori. Tidlegare har ein likevel berre indirekte fått indikasjonar på at slike bølgjer faktisk finnast ved å studera endringane i banane til nøytronstjerner som krinsar omkring kvarandre. 

Signala som vart plukka opp av LIGO-detektoren (Laser Interferometer Gravitational Wave Observatory) i september 2015, er altså ei direkte måling på at gravitasjonsbølgjer finst. Bølgjene har opphavet sitt i to svarte hol, og stadfestar dermed samtidig at svarte hol faktisk eksisterer. Og den nye innsikta stoppar ikkje der.

– Oppdaginga er som å opna eit nytt vindauge mot universet. Dei største oppdagingane frå målingar av gravitasjonsbølgjer vil antakeleg vera ting me ikkje ein gong har førestilt oss eksistensen av, seier Dahle.

Prestisjetung utmerking

skog, veg, infrastruktur
LIGO-laboratoriet, der gravitasjonsbølgjene vart detektert, er lokalisert i Livingston, Louisiana (USA). Foto: Caltech/MIT/LIGO Lab

Kavliprisen anerkjenner forskarar som har gjort viktige framsteg innan fagfelta astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap

Dei tre Kavliprisene blir delte ut annakvart år av Det Norske Videnskapsakademi. Dei vart delt ut første gong i 2008, og årets utdeling er dermed den femte i rekkja.

Trass i Kavliprisens relativt unge alder, har han allereie etablert seg som ei av dei mest prestisjetunge utmerkingane innan naturvitskapane. I tillegg til Kavli-medaljen, utgjer prisepengane 1 million dollar (ca. 8,3 millionar NOK) for kvar disiplin.

Grunngivinga for prisane

biletet viser gule medaljar på blå bakgrunn
Kavlipris-medaljene

Det Norske Videnskaps-akademi utnemner tre internasjonale priskomitear etter tilrådingar frå akademi og vitskaplege institutsjoner fleire stader i verda. Det er éin komité for kvar pris som blir delt ut: éin i astrofysikk, éin i nanovitskap og éin i nevrovitskap. Priskomiteane vurderer dei nominerte kandidatane i kvart sitt felt og leverer så si tilråding av vinnarane til styret i Det Norske Vitenskaps-akademi.

Professor Mats Carlsson frå Institutt for teoretisk astrofysikk (UiO) har leidd komiteen for astrofysikk-prisen sidan utdelinga i 2014.

Publisert 2. juni 2016 15:16 - Sist endret 25. mai 2023 13:23