ERC Advanced Grant til forskningsprosjektet Global Glacier Mass Continuity (ICEMASS) og professor Andreas Kääb, Institutt for geofag

Prosjektet Global Glacier Mass Continuity (ICEMASS) og professor Andreas Max Kääb har mottatt eit ERC Advanced Research Grant frå European Research Council i 7. rammeprogram for forskning og teknologisk utvikling. Eit hovedmål med prosjektet er å kartlegge og analysera endringane i bremasse ved hjelp av fjernmåling.

Professor i geomatikk ved Institutt for geofag, Andreas Max Kääb fekk nyleg innvilga Advanced Grant-prosjektet “Global Glacier Mass Continuity – ICEMASS” frå European Research Council.

Prosjektet tek mål av seg til å kartlegge og analysere endringane i bremasse ved hjelp av fjernmåling (laser og radar frå satelitt) og kombinere dette med digitale terrengmodellar med tanke på etablere ein global massebalanse for brear. Dette vil vere eit viktig bidrag til å kartlegge klimaendringar, til å fastlegge verknaden av bresmelting på havnivåendringar, til å kvantifisere tilskotet frå bre til vassføring i elvane, og betre modellane for isostatiske endringar.

Advanced Grants gis til grunnforskningsprosjekt over fem år, med ei øvre ramme frå ERC på 3,5 mill EUR. Desse topp-prosjekta har høg prestisje i forskningsmiljøa, og dette er det andre geofag-tildelingen av Advanced Grants på UiO – det fyrste var Trond Torsvik sitt prosjekt “Beyond Plate Tectonics”.

Institutt for geofag gratulerer!

 

ERC Advanced Grants allow exceptional established research leaders of any nationality and any age to pursue ground-breaking, high-risk projects that open new directions in their respective research fields or other domains. The ERC Advanced Grant funding targets researchers who have already established themselves as independent research leaders in their own right. (European Research Council).

 

Publisert 1. nov. 2012 09:57 - Sist endret 22. apr. 2021 10:15