Institutt for geofag deltar i det nye Research Centre for Arctic Petroleum Exploration (ARCEx)

Institutt for geofag er partnar i det nye senteret ARCEx – Research Centre for Arctic Petroleum Exploration.  ARCEx senteret skal bidra til auka kunnskap om nordområda og arktiske strok og skal liggja i Tromsø. Professor i petroleumsgeologi Jan Inge Faleide ved Institutt for  geofag har vore viktig i søknaden for å opprette senteret, og skal leia arbeidspakke 1: Basin analysis.

ARCEx senteret skal bidra til meir kunnskap om nordområda og arktiske strok og skal liggja i Tromsø. Illustrasjonsfoto: Colourbox.no

I statsbudsjettet for 2012 var det lagt inn to nye senter for petroleumsforskning, eit forsknings- og kompetansesenter for petroleumsvirksomhet i nordområda og Arktis og eit for auka utvinning. Ei viktig føring for det fyrste senteret var at det skulle lokaliserast i nord. To konsortium søkte, eit leia av Universitetet i Tromsø, og eit av Høgskulen i Narvik.

Institutt for geofag deltok i Tromsø-konsortiet, som vann med sin søknad. Professor i petroleumsgeologi Jan Inge Faleide var med i arbeid med søknaden og skal leia arbeidspakke 1 - Basin analysis.

Det nye senteret skal byggja opp eit forskningsmiljø av høy kvalitet som er relevant for oljenæringa i nord og i arktiske strøk. Intensjonen med senteret er å legge til rette for ein forsvarlig utnytting av petroleumsressursene i nord, blant anna gjennom auka kunnskap. Opprettelsen er eit ledd i Regjeringas oppfylgjing av Nordområdemeldinga.

 

Institutt for geofag gratulerer UiT og senterleiar Karin Andreassen, Institutt for Geologi – og professor Jan Inge Faleide!

 

Oversikt over ARCEx partnerar:

  • Host institution: University of Tromsø – Faculty of Science and Technology (UiT-NT)
  • University of Tromsø – Faculty of Biosciences, Fisheries and Economics (UiT-BFE)
  • Akvaplan-Niva (APN)
  • Northern Research Institute (NORUT)
  • University of Oslo – Department of Geosciences (UiO-Geo)
  • The University Centre in Svalbard (UNIS)
  • University of Bergen – Department of Earth Sciences (UiB-Geo)
  • Norwegian University of Science and Technology (NTNU)
  • The Geological Survey of Norway (NGU)
  • University of Stavanger- Centre for Risk Management and Societal Safety (UiS-SEROS)
  • International Research Institute of Stavanger (IRIS)

Meir om tildelinga:

Les meir om tildelinga på Forskningsrådet sine websider, og pressemelding frå UiT.

Senteret er ei oppfylgjing av Petroleumsmeldinga, Meld. St. 28 (2010-2011), der Olje- og energidepartementet varsla at grunnlaget for eit slikt senter ville verta vurdert.

Tilrettelegging av forsvarlig utnytting av petroleumsressursane i nord er også eii satsningsområde i Nordområdemeldinga (Meld. St. 7 (2011-2012).

Publisert 5. juni 2013 13:37 - Sist endra 18. nov. 2019 16:25