Advanced Research Grant til Bjørn Jamtveit

Professor Bjørn Jamtveit, Institutt for geofag får ERC Advanced Grant frå European Research Council for prosjektet Disequilibrium metamorphism of stressed lithosphere (DIME). Eit hovedmål er å undersøkja korleis bergartane i lithosfæren (jordskorpa og det øvste laget av mantelen) vert omdanna ved tilførsel av fluider (væsker og gasser) i situasjonar der lithosfæren er utsett for mekaniske spenningar knytt til platetektonikk.

Advanced Research Grant til Jamtveit

Professor i geologi ved Institutt for geofag, Bjørn Jamtveit fekk nyleg innvilga Advanced Grant-prosjektet "Disequilibrium metamorphism of stressed lithosphere - DIME" frå European Research Council. Prosjektet tek mål av seg til å undersøkje korleis spenningar i Lithosfæren, jordskorpa og det øvste faste laget i mantelen, påverkar fluid bevegelse og omdannelsesprosessar i bergartar, i situasjonar langt borte frå (termodynamisk-) likevekt.

Nyare forskning gjort av PGP-gruppa med Jamtveit i spissen viser at mange av bergartane i lithosfæren ikkje inneheld fluide fasar (væsker og gass), og dermed reagerer så sakte at bergartane ikkje klarer å nå ein likevektstilstand (lågast muleg energi) ved platetektonisk påvirkning som medfører endringar i trykk og temperatur. Ved tilførsel av gass og veske vil dei reagere svært hurtig og det vil bli frigitt betydelege mengder energi i form av varme og ulike deformasjonsprosessar. Denne energien kan igjen påvirka dei platetektoniske prosessane. I tilegg vil dei omdanna bergartane ha andre fysiske eigenskaper enn dei i utgangspunktet hadde. Det oppstår på denne måten ein dynamisk kobling mellom platetektoniske prosessar og småskala kjemiske prosessar i bergartene.

Advanced Grants gis til grunnforskningsprosjekt over fem år. Desse topp-prosjekta har høg prestisje i forskningsmiljøa, og dette er den tredje geofag-tildelingen av Advanced Grants på UiO – frå før har instituttet Trond Helge Torsvik sitt prosjekt 'Beyond Plate Tectonics' samt Andreas Max Kääb sitt prosjekt 'Global Glacier Mass Continuity (ICEMASS)'.

Institutt for geofag gratulerer!

 

ERC Advanced Grants allow exceptional established research leaders of any nationality and any age to pursue ground-breaking, high-risk projects that open new directions in their respective research fields or other domains. The ERC Advanced Grant funding targets researchers who have already established themselves as independent research leaders in their own right. (European Research Council).

Publisert 5. mai 2015 13:25 - Sist endret 22. apr. 2021 10:08