iEarth-konsortiet får SFU-status

I dag kom beskjeden, det nasjonale konsortiet iEarth får status som Senter for fremragende utdanning (SFU).  Konsortiet består av sentrale personer innan undervisning ved Institutt for geofag (UiO), saman med kolleger frå UiB, UiT, og UNIS; Svalbard. Dei ynskjer å verta internasjonalt leiande innan utdanning i geofag.

iearth.no – Centre for integrated Earth System Education

Centre for integrated Earth System Education

Sentre for fremragende utdanning (SFU) er ein prestisjeordning som skal stimulera til kvalitet i norsk høgare utdanning. SFU-løyvinga gjeld for fem år med moglegheit for forlenging etter evaluering. Støtta gir fagmiljø moglegheit til å jobba målretta og langsiktig med utvikling av undervisningstilbodet.

SFU tildelingar heng høgt, og tildeles internasjonale og ypperlige fagmiljø. – Fagmiljøene som får denne statusen er fremragende på et internasjonalt nivå. De har vist at de er nyskapende i sitt arbeid med utdanning og har store ambisjoner for videre utvikling, sier direktør i Diku, Harald Nybølet ved offenleggjeringa av vinnarane 12. desember

iEarth konsortiet vert nytt SFU-senter

Eit av dei fire nye SFU-sentra som fekk støtte i dag var iEarth. Konsortiet iEarth er eit samarbeid der instituttet deltek med tre andre norske aktørar innan geovitenskaplege studier på universitetsnivå. Deltakarane i konsortiet er Institutt for geofag (UiO, Institutt for geologi (UiT), Institutt for geovitskap (UiB) og Arctic Geology Department (UNIS; Svalbard).

Tre ildsjeler ved Institutt for geofag har arbeida mykje med iEarth søknaden, som no ved 2. gangs innsending fekk tildelt støtte. De tre er 1. amanuensis Anders Mattias Lundmark, stipendiat Rie Hjørnegaard Malm samt utdanningsleiar Karianne Lilleøren. 

Institutt for geofag skal i tillegg til å delta i samarbeidet, også ha ansvar for ein av fem arbeidspakkar skissert i søknaden; Kultur for læring (undervisaranes læringsmiljø).

Eit nasjonalt samarbeid for å styrka geostudia

Målet til iEarth-konsortiet er å dra saman og å utvikla geoutdanninga vidare. Dette kan skje ved samarbeid om undervisning til dømes innan geofare, styrking av feltarbeid, og å imøtekoma utfordringar som ligg i fagområdet slik som klimaendringar, det grøne skiftet, og andre samfunnsmessige utfordringar.

Eit utstrakt mål i iEarth er å få meir studentaktiv og læringsbasert praksis inn i undervisninga.

Vertsinstitutsjon for iEarth er Institutt for geovitskap (UiB). Det er UiB-professor Jostein Bakke som er leiar for iEarth-konsortiet. 

Les meir om iEarth på nettsidene: iearth.no

Av Gunn Kristin Tjoflot
Publisert 12. des. 2019 13:21 - Sist endret 17. jan. 2023 14:25