Svalbard vert varma opp

Ein ny rapport frå Norsk klimaservicesenter der forskarar frå Institutt for geofag har bidratt, viser at øygruppa Svalbard vert varma opp.  Fortset dei høge globale utsleppa av klimagassar, kan gjennomsnittstemperaturen gå frå 8-9 minusgrader til 1-2 plussgrader. Det har innverknad på kryosfæren.

Thomas Vikhamar Schuler og Sebastian Westermann, forskar på kryosfæren; henhaldsvis isbrear og permafrost. Dei to har bidratt i rapporten om klimatilpassingar på Svalbard. Foto: Gunn Kristin Tjoflot/UiO

Thomas Vikhamar Schuler og Sebastian Westermann, forskar på kryosfæren; henhaldsvis isbrear og permafrost. Dei to har bidratt i rapporten om klimatilpassingar på Svalbard. Foto: Gunn Kristin Tjoflot/UiO

Rapporten Climate in Svalbard 2100 – a knowledge base for climate adaptation vart nyleg presentert på eit folkemøte i Longyearbyen, Svalbard den 4. februar 2019. Rapporten er utarbeida av Norsk klimaservicesenter (KSS) på oppdrag frå Miljødirektoratet. 

Kryosfæren varmes opp

Forskarar bak rapporten er fleire, og to frå Institutt for geofag har bidratt. Thomas Vikhamar Schuler har utarbeida modelleringar av klimaprojeksjonar på isbrear, og kollega Sebastian Westermann har gjort modelleringar av tinande permafrost.

Svalbard er utsatt for klimaendringar. Global oppvarming slår inn, og effekten kan sjåast spesielt på fagområda til Schuler og Westermann, kryosfæren; henhaldsvis isbrear og permafrost. 

Begge dei to kjem frå Seksjon for geografi og hydrologi (GeoHyd) som gjer omfattande forskning på kryosfæren; områder på jordoverflata der vatn finnes i fast form, antan i form av isbrear, sno, tele, permafrost og islagt vatn.

Tilpassing til klimaendringar

Rapporten er utarbeida for å gi basiskunnskap for klimatilpassingar på Svalbard. Den inneheld både historiske data, og klimaprojeksjonar for ulike scenario for utvikling i atmosfære, hydrosfære, kryosfæren og havet i framtida.

Den omhandlar klimaets påvirkning på fysiske natur slik som permafrost og ulike typar jordskred og snoras. 

Den viser at Svalbard vert varma opp; frå ein gjenomsnittstemperatur på -8,7 grader i perioden 1971-2000 for heile øygruppa, har det vorte 3-5 grader varmere i årsgjennomsnitt i perioden 1971 til 2017. 

Rapport:

Climate in Svalbard 2100, Miljødirektoratet, rapport nr. M-1242

Publisert 6. feb. 2019 16:22 - Sist endret 6. feb. 2019 16:22