English version of this page

Overrekt UiOs pris for yngre forskarar – Trude Storelvmo

Professor i meteorologi Trude Storelvmo, Institutt for geofag fekk i dag overrekt UiOs pris for yngre forskarar. Gjennom fleire år har hennar store interesse vore forsking på atmosfæren, aerosoler og klimaet.

Trude Storelvmo. Foto: Ola Gamst Sæther/Uniforum

Trude Storelvmo. Foto: Ola Gamst Sæther/Uniforum

Trude Storelvmo fekk 2. september overrekt UiOs pris for yngre forskarar 2020 på Universitetets årsfest i Aulaen.

Etter mange års opphald i utlandet, mellom anna ved Yale University, kom Trude Storelvmo tilbake til Universitetet i Oslo hausten 2017. Med det var ho tilbake på Institutt for geofag der ho tok sin doktorgrad tilbake i 2006.

Fyrst tilsatt som fyrsteamanuensis, og med sin dedikerte forskingsinteresse for atmosfæren og aerosolers innverknad på klimaet fekk ho snart både ERC stipend, og litt seinare vart ho også med i ein større svenskkoordinert prosjektkonsortie ForCes i Horizon-2020.

I 2019 vart Storelvmo professor ved Institutt for geofag, og i år vart ho tildelt Universitetet i Oslos pris for yngre forskarar for 2020. Ho er tilknytta Nord universitet som professor II ved Handelshøyskolen. Økonomiske konsekvenser av klimaendringar er nemleg også eit av dei områda ho har forskingsinteresser i, og som er eit viktig aspekt ved klimaendringar.

Les meir om prisvinnaren: Trude Storelvmo jaktar på klimaspor i skyene, Uniforum

Storelvmo er den andre som mottek UiOs pris for yngre forskarar, ein pris som vart etablert og delt ut fyrste gong i 2019. Prisen går til ein forskar eller gruppe/miljø som har utmerka seg ved fremragende forsking. Prisvinnar må være 40 år eller yngre på tildelingspunktet.

Institutt for geofag gratulerer!

 

Om universitetets priser

UiOs priser er ei beløning for særskilt innsats, som dessutan skal stimulera til auka innsats og være til inspirasjon for fagmiljøa ved Universitetet i Oslo.

Vinnarane mottar eit diplom og 250.000 kroner, som deles ut på UiOs årsfest 2. september.

Sjå pressemelding for prisutdelingene frå UiO med begrunneles for tildelingane.

Publisert 2. sep. 2020 13:48 - Sist endra 3. sep. 2020 19:44