English version of this page

Ny instituttleiar ved Institutt for geofag

Professor Bernd Etzelmüller er den nye instituttleiaren ved Institutt for geofag, UiO. Fyrste offisielle arbeidsdag var 19. april, men han er ikkje heilt ny i instituttleiinga. Sidan 2019 har han vore nestleiar, og han har særs lang fartstid ved UiO, frå 1986.

Foto: Professor Bernd Etzelmüller er den nye instituttleiaren ved Institutt for geofag, Universitetet i Oslo. Her framfor hovedinngangen til instituttet i Sem Sælands veg 1, Blindern. Foto: Gunn Kristin Tjoflot/UiO

Professor Bernd Etzelmüller er den nye instituttleiaren ved Institutt for geofag, Universitetet i Oslo. Her framfor hovedinngangen til instituttet i Sem Sælands veg 1, Blindern. Foto: Gunn Kristin Tjoflot/UiO

Bernd Etzelmüller er opprinneleg frå Tyskland, og byen Marburg/Lahn mellom Frankfurt og Kassel. Etter universitetsstudier i geografi og geologi der, drog han likså godt til Norge. Og til Universitetet i Oslo!

I Oslo vart han Cand.scient ved Geografisk institutt i 1989. Etter nokre månedar som forskar ved Statens vegvesen, vart han stipendiat i fysisk geografi og geomatikk ved Geografisk institutt, der han fullførte sin doktorgrad på tampen av 1995. Etter fleire år som førstemanuensis, har han no vore professor i over 16 år (frå 2004).

Hans fagretning er naturgeografi som er den naturvitskaplege delen av geografien, som har fokus på landformer og prosessane som formar dei. I praksis betyr det studier og forskning på terrengformer, berggrunn, mark, vatn og klima.

Og ved Institutt for geofag ein spesiell fokus på kryosfæren, den frosne delen av jordas overflate med vatn i fast form slik som ein finn det i isbrear, sno, havis, permafrost eller tele. Klimaendringar har implikasjonar på kryosfæren som praktisk tala tiner, og Bernd har over fleire år forska på kva dette innbærer med henblikk på geofarer i Norge, Svalbard, Island, Mongolia og Canada.

Lang fartstid og erfaring frå ulike rollar

Bernd er frå før godt kjent med nesten alle på instituttet, og er kanskje ein av dei som har vore lengst ved instituttet av dei vitenskapeleg ansatte.

Han har opp gjennom åra opparbeida seg ein solid erfaring frå ulike rollar ved Institutt for geofag. Han har vore utdanningsleiar, leia fleire forskingsprosjekt, vore sentral i ulike forskargrupper, og han har over fleire år vore leiar av Seksjon for geografi og hydrologi, og frå 2019 fram til no har han vore nestleiar ved Institutt for geofag.

Bernd Etzelmüller tok over som instituttleiar etter Brit Lisa Skjelkvåle som var instituttleiar frå 2013 fram til midten av februar 2021. Skjelkvåle er no ansatt som direktør ved Naturhistorisk Museum, Universitetet i Oslo.

Kolleger gratulerer Bernd med ny stilling ved instituttet!

Publisert 21. apr. 2021 11:23 - Sist endra 8. jan. 2024 09:48