Brasil sender sine toppstudentar til Noreg

Brasil finansierer opphald for dei beste studentane sine i realfag og medisin ved verdas beste universitet i den kommande tre års perioden. I alt 65 studentar kjem til Noreg, deriblandt dei 28 studentar som har kome til UiO i haust. Fleire av Brasil studentane tar emner ved Institutt for geofag. Les artikkel i Uniforum den 9.9.2013.

SENDE TIL UIO: Dei brasilianske studentane Anna Luiza Diniz Felipe og Danilo Henrique Costa Souza blei sende til Noreg for å skaffa seg endå betre kompetanse i geofag og i informatikk. Rådgjevar Jeanette da Silva (til venstre), Studieavdelinga. Foto: Martin Toft, Uniforum

Brasil sender sine beste studentar ut til verdas beste universitetet for å auka kunnskapen og ekspertisen i fag som naturvitskap, teknologi, ingeniørfag og matematikk. Noreg er i år for første gong med mellom dei landa Brasil har valt å senda studentane til.

Studenten får ikkje sjølv høve til å seia kvar han eller ho vil dra. Det er Senter for internasjonalisering av utdanning (SiU) som fordeler studentane på dei ulike lærestadene i Noreg.

I år har det kome 28 studentar til UiO, andre drar til NTNU, UiB og andre utdanningsinstitusjonar. Fleire av Brasil studentane skal studere ved Institutt for geofag.

 

Les artikkel:

Brasil sender sine toppstudentar til Noreg. Uniforum, 9.9.2013

 

Publisert 19. sep. 2013 11:27 - Sist endra 20. sep. 2013 09:20