Fjellparti flyttar seg

Fjellpartiet mellom Bøadalen og Ovridsdalen har vore ustabilt i fleire 10-år. Senioringeniør Trond Eiken ved Institutt for geofag som har gjort målingar av fjellpartiet sidan 2008, seier imidlertid at det er ikkje noko umiddelbar fare for at fjellpartiet ramlar ned. Men bevegelsen representerer ein risiko og tiltak vert fortløpande vurdert.

Fjellpartiet Bøadalen og Ovridsdalen i Vik i Sogn er i bevegelse. Bildet viser det ustabile fjellpartiet på Ovridseggi. Foto: Trond Eiken

Dei årlege målingane av fjellpartiet Bøadalen og Ovridsdalen i Vik i Sogn avslører at fjellsprekka i snitt vert tre centimeter større for kvart år.

Målingane av fjellet vert gjort med store reflektorar, satelittar og GPS som gir underlagsdata for å kartlegge bevegelsane i fjellpartiet.
 

Les artikkel:

Fjellparti flyttar seg, Sogn Avis, 23.09.2013

Publisert 10. des. 2013 10:49 - Sist endret 31. okt. 2018 14:47