Gendobling gav overleving i klimakatastrofe

Urgamle pollenkorn kan visa oss korleis bartre overlevde ei av jordas største utryddingsepisodar. Førsteamanuensis Wolfram M. Kürschner ved Institutt for geofag har saman med britiske kollegaer studert korleis ei no utdøydd gruppe bartre overlevde ekstreme klimaendringar i Jura - Krit perioden for 200 millionar år sidan.

Fossil av urtreet Cheirolepidiaceae som ein har undersøkt pollen frå. Foto: Prof. J. van Konijnenburg – van Cittert, University of Leiden, Nederland.

I dag dør fleire artar ut med stor hastigheit, noko som er i ferd med å gi den største utryddingsepisoden sidan dinosaurane forsvann frå jordas overflate. Men i Jura - Krit perioden synte bartre ein strategi for å oveleva miljøkatastrofer og klimaendringar.

Ved hjelp av urgammalt pollen og kraftige mikroskop har forskarane avslørt at bartre i Cheirolepidiaceae familien hadde genmutasjoner og gendobling som gjorde dei betre i stand til å tilpassa seg dei nye forholda.

Fossilene viser at pollen fra bartreet ikke minka eller vart redusert i størrelse, og at dei fekk mutasjoner. Ein antar og at gendobling gjorde at bartreet vart betre rusta til å tilpasse seg ulike vanskelige miljø.

 

Les omtale av forskning:

Pollen avslører hardføre urtrær. geoforskning.no, 22.8.2013.
Enduring climate crisis by gene doubling, Science Nordic, 21.08.2013
 
Publisert 2. sep. 2013 15:39 - Sist endra 31. okt. 2018 14:47