Klimamodellar og varme

Dei siste åra har den globale oppvarminga ikkje stige som forventa, og dette reiser spørsmål om klimamodellane er gode nok. I ein artikkel i Dag og tid, den 5. april uttalar professor Berntsen, Institutt for geofag seg om ein modell som han og andre forskarar utviklar, som er mindre sensitiv for CO2 påvirkning.

Illustrasjonsfoto: colourbox.no

I den nye modellen inkluderer Berntsen og kollegaene hans faktiske observasjonar av temperaturutviklinga i den siste tida. Sjølve modellen har også færre variablar enn dei vanlege klimamodellane.

Forskarane har fått mykje merksemd for arbeidet sitt, men poengterer at studien er ikkje ferdig fagfellevurdert og publisert enno.

 

Les omtale:

Kor blir varmen av? Dag og tid, 5.4.2013

Publisert 24. mai 2013 12:46 - Sist endret 24. des. 2022 09:55