Dette får havet til å stige

På Nordaustlandet på Svalbard finn ein iskappa Austfonna. Akkurat no surger utløpsbreen Basin-3 på Austfonna for første gang på 140 år. Det betyr at breen slepp truleg ut meir is ut i havet enn alle andre isbreer på Svalbard til saman. Isbreforskar Thorben Dunse ved Institutt for geofag, er intervjua 16. mai i Svalbardposten om bevegelsane i breen.

Thorben Dunse framføre Etonbreen, ein av utløpsbreane på Austfonna. Foto: Privat

Når ein bre surger så skjer det ein periodisk bølgebevegelse i isbreen som resulterer i kraftige brefremstøt. For ein så stor bre som Austfonna på Svalbrd betyr det mykje is som har hopa seg opp over lang tid som no skal ut i havet. Surgande breer, også kalla fremstøtsbreer er vanlig i Arktis.

Austfonna dekker 8 102 km² (8 492 km² inklusive Vegavonna) og er arealmessig den største isbreen i Europa og den åttande største i verda.

 

Les artikkel:

Dette får havet til å stige. Svalbardposten. 16.05.2014

Publisert 16. mai 2014 13:49 - Sist endra 19. mai 2014 14:28