Debattinnlegg: Elbilar og metall

Fleire og fleire kjøper elektriske kjøyretøy, og etterspørselen etter elbilar er forventa å auka i tida framover ettersom teknologien vert betre og prisen på slike kjøyretøy går ned. Elektriske kjøyretøy krever mykje metall i kretsløp og batterier. I eit debattinnlegg skriv fire professorar (em) frå UiO at dei fryktar at elbil-boomen kan føra til global metallmangel på sikt. 

Blant land med mange elbilar finn vi Norge, Kina, USA, Storbrittania, Tyskland og Frankrike, sjå alle på oversikta på Wikipedia. Illustrasjon: Colourbox.com

Blant land med mange elbilar finn vi Norge, Kina, USA, Storbrittania, Tyskland og Frankrike, sjå alle på oversikta på Wikipedia. Illustrasjon: Colourbox.com

Produksjon av eit elektrisk kjøyretøy krever store mengder metall slik som; kobber, kobolt, lithium, kadmium for å nevne nokre. Metall som vert utvinne som oftast i gruver i fattige land.

Forfattarane av debattinnlegget; Knut Bjørlykke, Per Aagaard, Elen Roaldset, prof. em. i geologi, og prof. em. i biologi/toksiologi Jørgen Stenersen, alle frå UiO, fryktar at elbil-boomen kan føra til ein global metallmangel.

Debattinnlegget har stått på trykk fyrst i månedsmagasinet til Teknisk Ukeblad 10/2020, og no seinare på nettsidene; tu.no.

Les innlegget

Elbiler vil føre til global metallmangel, Teknisk Ukeblad, 29.12.2020

Publisert 7. jan. 2021 11:02 - Sist endret 7. jan. 2021 11:02