Kva visste Putin?

Forfatter Luke Harding har skreve ei spennande historie om vår tids mest omtalte giftdrap, skriv Tom Hetland

23. november 2006 døydde eksilrussaren Aleksandr Litvinenko på eit sjukehus i London, forgifta av det sterkt radioaktive stoffet polonium-210. Litvinenko var ein tidlegare etterretningsagent som hadde flykta frå Russland og begynt å jobba for dei britiske hemmelege tenestene. Han var også ein sterk kritikar av president Vladimir Putin og ein alliert av den landflyktige Putin-motstandaren, oligarken Boris Berezovskij. På dødsleiet utpeika Litvinenko Putin som sin eigentlege drapsmann.

FORGIFTA: Aleksandr Litvinenko på sjukehuset 20. november 2006. Han døydde tre dagar seinare.

Litvinenkos enke:

Kven som meir direkte stod bak, er for lengst oppklart. Britisk politi har kartlagt radioaktive spor som fører til russarane Andrej Lugovoj og Dmitrij Kovtun. Denne konklusjonen er stadfesta av ei større gransking som vart avslutta i januar i år. Men russiske styresmakter har nekta å utlevera dei to. Lugovoj er dessutan vald inn i det russiske parlamentet for høgrepopulisten Vladimir Zjirinovskijs parti.

9788232800735-2.jpg

Lista over drepne russiske opposisjonelle er uhyggeleg lang. Journalisten Anna Politkovskaja og politikaren Boris Nemtsov er dei to mest kjende i Vesten. Men tilfellet Litvinenko er spesielt ved at drapet skjedde på utanlandsk territorium, og at offeret var ein person som nettopp hadde fått britisk statsborgarskap. Litvinenko-saka har derfor vore ein verkebyll i forholdet mellom Storbritannia og Russland. Dramatikken og mystikken i saka har gitt opphav til mange ulike teoriar. Enkja Marina Litvinenko og vennen Alex Goldfarb gav alt i 2007 ut ei bok («Litvinenko — en dissidents død», Schibsted forlag) der drapet blir sett i samanheng med maktkampen mellom Putin og Berezovskij. Uansett drapsmann meiner dei Putin er den ansvarlege.

Det er også premissen for Guardian-journalisten Luke Hardings bok frå i år, «Dødelig dose». Harding har eit breiare kjeldemateriale å byggja på, både frå sitt eige mangeårige arbeid med saka, og ikkje minst frå rapporten frå granskingskommisjonen.

Harding skriv med driv og spenning, og den engelske språklege elegansen slår godt gjennom i John Grandes norske versjon. Spesielt er opprullinga av aksjonen fascinerande lesnad. Det er slåande kor amatørmessig det heile var. Det første forsøket var mislykka. Forut for det neste skal Kovtun ha avslørt planen for ein gammal ven i Hamburg, som tragisk nok oppfatta det som oppspinn og ikkje melde frå.

Dei store spørsmåla er likevel kven som gav ordren, kven som visste om at drapet skulle skje, og kva som var motivet. Harding meiner at det var Litvinenkos kunnskap om den russiske «mafiastaten» - samrøret mellom kriminalitet, korrupsjon og politikk - som gjorde han til drapsoffer. Med støtte i granskingsrapporten trur Harding det er sannsynleg at operasjonen vart godkjent av sjefen for FSB (tidlegare KGB), Nikolaj Patrusjev, og av president Putin sjølv.

Det lar seg, naturleg nok, vanskeleg bevisa. Harding held seg til kjelder som meiner at aksjonar av denne typen ikkje kan skje utan godkjenning heilt på toppen, og han ser Litvinenko-drapet som eit ledd i «Russlands nye krig mot Vesten», som det heiter i undertittelen. Boka hadde stått seg på ei grundigare drøfting av alternative teoriar. Ein britisk ekspert på dei russiske hemmelege tenestene, Mark Galeotti, peikar såleis i ein fersk rapport på at dei ulike organisasjonane i stor grad går på sjølvstyr og rivaliserer med kvarandre. I hans analyse er det snarare slik at Putin har sleppt laus eit monster som han ikkje klarer å kontrollera, til skade for seg sjølv og Russlands interesser.

Det kjem nok fleire bøker om Litvinenko. Men, som Harding skriv, den endelege sanninga får me neppe i Putins tid.

9788232800735-2.jpg