– Ikkje gjer terroristane viktigare enn dei er

BERRE EIN PROSENT: Sjølv om dei nær 3000 ofra for angrepet på tvillingtårna og Pentagon blir rekna med, står ikkje jihadistane for stort meir enn ein prosent av alle drap i USA dei siste 16 åra.

Terrorisme er definert som eit av vår tids største globale samfunnsproblem. Statane bruker enorme summar på kampen mot terror, og terrorisme står høgt på lista over truslar som folk fryktar. Når målet er å forhindra terrorangrep, kan etablerte internasjonale rettsprinsipp bli sette til side, slik det nå skjer i USA med president Donald Trumps innreiseforbod for sju muslimske land.

Den enorme merksemda rundt terror står i kontrast til omfanget av trusselen, spesielt for innbyggjarar i vestlege land. Sidan 11. september 2001 har det skjedd 230.000 drap i USA. «Berre» 123 av dei er utførte av muslimske terroristar, opplyser forskaren Charles Kurzmann frå University of North Carolina.

Sjølv om dei nær 3000 ofra for angrepet på tvillingtårna og Pentagon blir rekna med, står ikkje jihadistane for stort meir enn ein prosent av alle drap i USA dei siste 16 åra.

Det er sjølvsagt ille nok. Men om me overdriv trusselen, er terroristane dei første som jublar. Derfor må terrorisme som fenomen analyserast kaldt og roleg, akkurat som andre truslar. Nikolai Sitters bok om terrorismens historie er til svært god hjelp.

ANALYSE: Terrorisme som fenomen må analyserast kaldt og roleg, akkurat som andre truslar. Nikolai Sitters bok om terrorismens historie er til svært god hjelp, skriv BTs meldar.

Det ligg eit solid arbeid bak boka. Sakleg og faktaspekka på grensa til overlessing skriv Sitter om terrorgrupper og kampen mot dei frå midten av 1800-talet og fram til i dag. Frå russiske og franske anarkistar går han vidare til blant anna irske og baskiske nasjonalistar, jødiske og palestinske kamporganisasjonar, sør-afrikanske apartheidmotstandarar, Baader-Meinhof i Tyskland og Raude brigadar i Italia, Anders Behring Breivik og andre høgreradikale «einsame ulvar», og våre dagars islamistiske terroristar som Al-Qaida og IS.

Alle desse, og mange til, har brukt terror som middel til å nå politiske mål. Av og til kortsiktig, kynisk og pragmatisk. Andre gonger langsiktig, som ledd i å skapa frykt og polarisera samfunnet for dermed å gjera det meir mottakeleg for radikale løysingar.

Terror er altså ikkje noko nytt. Me har lang historisk erfaring å trekka på, slår Sitter fast. Ein lærdom er at terroristar sjeldan vinn fram. Unntaket er når dei i utgangspunktet har brei folkeleg støtte, for eksempel i ein nasjonal kamp. Men også der må dei passa seg for å gå så langt at dei kjem i utakt med folket, slik det skjedde med den baskiske terrororganisasjonen ETA.

Ei anna erfaring er at terrorkampanjar før eller seinare går over. Terroristane blir nedkjempa, gir opp eller går over til meir normal politisk aktivitet. Fredsprisvinnarane Nelson Mandela, Menachem Begin og Yassir Arafat var alle i si tid leiarar for organisasjonar som dreiv terror. Det er altså håp.

Sitter analyserer også statane sine strategiar i kampen mot terror. Sjølv om erfaringar ikkje utan vidare kan overførast frå eitt land til eit anna, er mønsteret at ein politistrategi, der terror blir definert som kriminalitet, oftast fungerer betre enn ein militær. Når George W. Bush og Francois Hollande møtte terrorangrep med å erklæra at landa deira var i krig, var det neppe klokt.

«Hele poenget med terrorisme er at det virker mer skremmende enn det egentlig er,» skriv Sitter. Når statar overreagerer, går dei rett i «terrorfella». For terroristane vil jo nettopp at det skal framstå som dei utkjempar ein krig.

Når eg les boka, slår det meg at eg hadde gløymt kor mykje terror det eigentleg var i Europa på 1970- og 1980-talet – i Tyskland, Italia, Spania, Frankrike og Nord-Irland, for ikkje å snakka om alle flykapringane. Men med eit visst unntak for den mest intense Baader-Meinhof-perioden i Tyskland, hadde eg aldri inntrykk av at terrortrusselen fekk dei europeiske samfunna til å gå av skaftet, og at samfunnsstabiliteten var i akutt fare. I dag synest det vera lettare å vekka hysteriet.

Men så hadde me den gongen kanskje færre politikarar som gjorde seg feite på folks frykt og gav enkle svar for å visa handlekraft. Og media brukte mindre plass og krefter på å formidla dagens skytedrama på direkten, lausrive frå samanheng og historisk perspektiv. Nå venner me oss dag for dag til å sjå livet som eit stort, farleg presens, og terroristane som viktigare enn dei er. Nikolai Sitters bok er nok ei beskjeden motvekt mot slike tunge trendar. Men les ho, likevel.