Ved inngangen til revolusjonsåret 1917 var det ein stor utanlandsk koloni i den russiske hovudstaden Petrograd (nå St. Petersburg). Britane aleine talde over 2000. Det var diplomatar, forretningsfolk, militære, frivillige hjelpearbeidarar, personar som var gifte med russarar, journalistar og eventyrarar.
Dei vart vitne til eit drama i to akter. I februar (mars etter vår tidsrekning) styrta borgarleg-liberale og moderate sosialistar tsaren og forsøkte å innføra ein demokratisk republikk. Då dei mislukkast, låg vegen open for Lenin og hans bolsjevikiske oktoberrevolusjon.
Mange av dei utanlandske augnevitna skreiv om det dei opplevde. Dei har late etter seg reportasjar, bøker, brev, dagbøker og bilete. Ein del, men langt frå alt, er publisert.
Den britiske forfattaren Helen Rappaport brukt materiale frå over 80 kjelder, i hovudsak britar, amerikanarar og franskmenn som var i Petrograd under revolusjonane. Resultatet er blitt ein lang dokumentarreportasje, spennande fortalt og med mykje dramatikk.
Noka djuptpløyande historie om dei russiske revolusjonane er likevel ikkje dette. Rappaport har ingen ambisjonar om å analysera årsaker og forløp til hendingane i 1917. Dei russiske aktørane – tsar Nikolaj, Kerenskij, Lenin, Trotskij, for ikkje å snakka om det russiske folket – er i høg grad til stades, men gjennom blikket til dei vestlege observatørane.
Og det var naturlegvis prega av auga som såg. Då som nå varierte det vestlege synet på Russland frå nedlatande forakt til naiv idealisering. Mange av utlendingane som budde i Petrograd høyrde til overklassen, dei ferdast blant det russiske aristokratiet og hadde naturlegvis eit perspektiv som var prega av det. Andre, som den amerikanske journalisten John Reed, kjend for boka «Ti dager som rystet verden», var aktive tilhengjarar av dei revolusjonære.
Likevel viste fleire av observatørane stort klarsyn. Den franske ambassadøren Maurice Paléologue ana tidleg kva veg det kunne gå. Både han og den britiske kollegaen George Buchanan forsøkte å overtala tsar Nikolaj til å innføra reformer før det var for seint, men utan hell. Ei anna sak er at dei medverka sterkt til å undergrava den nye liberale regjeringa ved å insistera på at Russland skulle halda fram krigen mot Tyskland.
Fleire av journalistane gjorde også ein imponerande jobb under ekstremt vanskelege arbeidsforhold. Sensur, språkvanskar, matmangel og magesjuke var nokre av problema dei måtte slita med.
Eit tema som går igjen hos fleire av dei vestlege augnevitna, er sjokket over å sjå eit samfunn som går i oppløysing politisk, økonomisk og moralsk, og der lov og rett ikkje lenger gjeld. På trikken var ein av dei vitne til at ei kvinne skulda ein mann for å ha stole pengepungen hennar. Mannen vart straks skoten av frivillige ordenshandhevarar. Like etter oppdaga kvinna at pungen berre hadde glidd ned i fôret på kåpa hennar. For å gjera uretten god att, skaut dei like godt henne òg.
Helen Rappaports bok gir på ingen måte eit fullstendig bilete av dei russiske revolusjonane. Men som supplement til andre historieframstillingar er «1917 Petrograd» både fengslande og opplysande, og tidvis underhaldande midt i all galskapen.
Omsetjar Gunnar Nyquist har gjort ein god jobb, men transkripsjonen av russiske namn og ord til norsk er ikkje alltid korrekt.