Stemmefiske i Amerika

DUELL: Donald Trump og Hillary Clinton kjemper om å bli USAs neste president.

I Norge og resten av Europa blir amerikanske valkampar sett på med skrekkblanda fascinasjon. Me reagerer på reklame og pengebruk, personifisering og show. Samtidig er det eit politisk drama utan like som utspelar seg, med store ego og sofistikerte valkampmaskinar i fri dressur. Og så er det eit blikk inn i framtida. For mykje av det som skjer i USA, vil før eller seinare koma til oss.

Nå er me i gang igjen, med ein presidentvalkamp som uansett utfall vil gå inn i historiebøkene. 2016 er året då dei gamle spelereglane ikkje synest å gjelda lenger. Kandidatar som Donald Trump og Bernie Sanders, som i utgangspunktet var stempla som håplause av både kommentariatet og dei etablerte partielitane, har feira store triumfar i nominasjonsvala, og i tilfellet Trump kan det ennå halda heilt til mål.

Hallvard Notaker er aktuell med boken «Amerikanske valgkamp».

For den som skal analysera amerikansk politikk, er det ikkje lett å henga med i desse krappe svingane. Det rammar også til ein viss grad Hallvard Notaker, som i utgangspunktet skulle ha levert ei hyperaktuell bok med solid bakgrunn for å forstå den intense sluttkampen om Det kvite huset.

Notaker har studert amerikansk politikk på nært hald i mange år, og utviklinga av moderne valkampmetodar er skildra med stor kunnskap og skarpsindige observasjonar. Dei amerikanske valkamporganisasjonane er dei mest avanserte i verda, og den digitale teknologien, kombinert med enorme mengder tilgjengelege persondata, har gjort det mogleg å målretta den politiske bodskapen stadig meir presist – heilt ned på individnivå. Det er både imponerande og skremmande. Men funkar det, eigentleg?

Det store paradokset er jo korleis dette maskineriet, som legg enorme ressursar ned i å forstå veljarane og gi dei den sterke, truverdige og omsorgsfulle presidenten dei vil ha, endar opp med å gi amerikanarane valet mellom to av dei mest upopulære og mistrudde kandidatane som kunne finnast. Svært mange av dei som går til urnene i november, vil vera meir motiverte av frykt og avsky for alternativet enn av ekte begeistring for kandidaten dei stemmer på.

Ein kan ha sympati for Notakers ønske om å avdramatisera og avmystifisera det skremmebildet som ofte blir teikna av amerikansk valkamp og amerikansk politikk.

Av og til er det også på sin plass. Men samtidig har behovet for å stilla grunnleggjande kritiske spørsmål sjeldan vore større. Den stadig sterkare frustrasjonen blant amerikanske veljarar er eit uttrykk for at systemet ikkje lenger fungerer. Viktige samfunnsspørsmål blir ståande uløyste mens politikken blir stadig meir polarisert og destruktiv. Tilliten til politikarane og det politiske apparatet er på eit lågmål. Det er neppe utan samanheng med måten den politiske kampen blir ført på. For som Notaker peikar på, er ikkje motsetningane like sterke blant den tause majoriteten på grasrota.

Notaker ser problemet, men er likevel grunnleggjande optimist på USAs vegner. I siste kapittel opnar han jamvel for at Donald Trump kan bli mannen som bryt den fastlåste situasjonen, fordi han ifølgje forfattaren representerer ein «balansegang mellom skyttergravsmentalitet og kompromissvilje». Den siste eigenskapen er kanskje ikkje like tydeleg for alle. Men den som lever, får sjå. Stoff til nye bøker blir det i alle fall.