Alvorstung Alven

Alven1.jpg

Denne veka vakna verda opp til at den svenske stjerna Avicii kastar inn handkledet. Mannen bak superhits som «Levels» og «Wake Me Up» har vore ein gallionsfigur for elektronisk dansemusikk (EDM). Men no var det nok. Er EDM no klar for den historiske skraphaugen? Fleire musikkmagasin og bloggar har stadig spådd kulturens (håpefulle) død. Det ser likevel ikkje ut til å skje med det første, mykje på grunn av Fana (!). Først kom Kygo, med sine syntetiske panfløyter og bedagelege beats, så Alan Walker og Sonny Alven.

sonny alven ep.jpg

Sistnemnde, som eigentleg heiter Sondre Alvestad, kjem no med sin debut-EP «Make Me Feel». Han opererer trygt innanfor det meir straumlinjeforma house-territoriet. Stikkorda er piano, vokal og behagelege beats. Tittelkuttet set tonen, med sitt euforiske pianohouseriff og lystige diva-vokal. Den er, som dei andre songane meir retta mot umiddelbar pop enn oppbyggjande dunk-dunk-musikk. «Make it Personal» er ein rolegare og mørkare affære. Problemet her blir at Alven ikkje klarer å få fram melankolien med rytmane og beaten — låten lener seg hovudsakleg på vokalen til Endemix. Som mørk dansepop er den derimot for tynn, det emosjonelle klimakset kjem aldri. Her kunne Alven sett til Röyksopp og korleis dei klarer å blande vokalbasert elektropop med kontrasterande, mørke beats.

«Wake Up» er meir vellukka. Lydbiletet har større djupn enn på «Make it Personal», og Paul Aidens vokalbidrag lyftar låten. Alven klarer til dels å fylle rommet som vokalen etterlet på ein produksjonsmessig meir interessant måte.

Alven har sjølv uttalt at musikken hans skal passe like godt for dansegolvet som på landevegen. Førebels er han best på det lystige, dansevenlege.

sonny alven ep.jpg