For Vilde Tuv er basstrommeslaget enkelt. Det slår akkurat nok til å halde lyttaren fengsla og til stades. Berre ved hjelp av basstromme, elgitar og hennar spinkle, skjøre stemme, har Tuvs spesielle sceneframsyningar spunne folk rundt veslefingeren som om det var trolldom. Sjangermessig er Tuv vanskeleg å kategorisere. Songane hennar trekker på såpass forskjellige uttrykk som trance, visesong og punk. «Einkvinnesbandet» har i staden blitt merkelappen ein tyr til i møte med Tuv.
«D'meg» er debutalbumet til Tuv, etter fleire år som liveartist og medlem i band som Bergen Beach Band og Hjerteslag. Uttrykket til Tuv har fått modne, men for dei som har vore på ein Tuv-konsert er også ein del av materialet kjent. Dei siste singlane opp mot albumet har også vist at Tuv går i litt nye retningar. Der ho på dei første singelutgjevingane dyrka det enkle og stillferdige, har ho på dei siste singlane gitt synthen ein meir dominerande plass i lydbiletet.
Ein tydeleg raud tråd gjennom Tuvs musikk er det sterke estetiske universet ho har skapt seg. Ho har selt både Vilde Tuv-tatoveringar, hårstrikk og hattar. Musikkvideoane har ein heimelaga, 80-tals VHS-estetikk, som på «Mine armar», der vi ser ulike klipp av Tuv ute i naturen, dansande i takt med musikken. Det er corny, men kult, og Tuv iscenesetter kroppen sin på ein avslappa, naturleg måte. Eller ta singelen som kom i vinter, den synthboblande «Ensom Cowgirl», med heftig, fragmentarisk klipping av Tuv i ulike omgjevnader, hovudsakleg i ein europeisk storby eg tippar er Budapest.
Test deg selv:
Tuv i naturen er eit sentralt motiv. På albumcoveret er ho avbilda på eit svaberg ved havet med blå himmel og skyer i bakgrunnen. «Eg flyger igjennom skyene», som ho seier på synthpopsporet «På veg innover».Tuv beveger seg mellom det høge og fjerne, og det låge og nære. Det kan like gjerne vere at ho skal til «å kaste skovene og gå to skritt ut i vatnet», som ho syng på «Kjærligheten roper», ei fascinerande fortolking og fornorsking av Kate Bush sin «Hounds of Love».
80-talet har som sagt ein sentral plass i Tuvs univers, også på produksjonsfronten, med trommemaskiner, stramme rytmar og seig synth. Var det samarbeidet med Kristian Stockhaus, på den strålande singelen «Svømmebasseng», som førte Tuv meir i denne retninga? Det er freistande å trekke denne slutninga, særleg ettersom Stockhaus har enda opp med å produsere «D'meg».
Men vi må snakke om tekstane. Det lyriske røyrer ved kjernen av det som gjer Tuv så spesiell. Ho vekslar mellom det abstrakte og det konkrete, men er alltid personleg og følsam, som når ho erkjenner at «livet mitt er middels og du er helt sentral».
Sjølv om synth-lydbiletet kler Tuv, er ho framleis best når uttrykket er redusert til den enkle, repetitive gitarklimpringa og den pulserande basstromma vi vart kjent med på debuten «Mine armar/Cellevevet». Der musikken er monoton og insisterande, der melodien og teksten er på sitt mest nakne og sårbare. Og ingenting er vakrare enn «Når eg var liten», som handlar om å akseptere at ikkje alle menneske er gode, men at det er greitt.
Når eg var liten ville eg bombe hele driten / no tror eg eg har funnet enslags ro / det e' så mye som blir bedre når man blir stor / Oooooh
Men når alt kjem til alt handlar livet nemleg om dei små, nære tinga:
Det kan være så gøy å leve / ete speilegg drikke kaffi på helt nye steder / Oooooh