Fjorden Baby! + John Olav Nilsen = Årets bergenske poplåt

John_Olav_Nilsen_4.jpg

Det er i desse heftig debatterte Kygo-tider kanskje lett å gløyme kva som verkeleg har sett Bergen på musikkartet dei siste åra. Eg snakkar sjølvsagt om den norskspråklege bølgja av artistar med adresse 5071 Loddefjord, fronta av John Olav Nilsen og Fjorden Baby!-vokalist Sturle Kvilekval. Begge på sin måte rennesteinspoetar av det særeigne slaget med hang til spesielle tekstlinjer.

Det er nesten rart vi ikkje har høyrt dei to vokalistane saman på den måten vi blir presentert for på den ferske Fjorden-låten Igjen og igjen. Dette er nemleg — unnskyld ordspelet - ei låt ein kan høyre igjen og igjen - og igjen og igjen. Dette er så pop som Fjorden Baby! aldri før har vore; ein reindyrka, beinfram fengande popsong, som berre kan gå og gå. Sjeldan har repeat-knappen hatt betre vilkår.

Ein lett gitarintro opnar ballet, før synthist Nams sprudlande, mjuke tonar fargelegg paletten på popsensibelt vis. Kjære vakre kloke, desperate floke/ vi så lyset og ble blinde. Ute eller inne/hver natt skal forsvinne/hvis ekkoene vil det. Og du kan skylde på meg/og eg kan skylde på deg.

Sturle Kvilekvals tekstar er på ein eigen planet - Fjordkloden. Men så: Eit mellomspel av varm synth, før orda fell til jorda: Igjen og igjen og igjen og igjen. Låten tar ei ny vending, i retning jordkloden. Så enkel, så vanskeleg er ein god popmelodi. Den har ein intensitet som set kjenslene i kok, som får deg til å føle noko. Så frigjerande, så fengslande er ei enkel tekstlinje alle berre kan synge med til. Igjen og igjen. Dette er popens kollektive vesen, det som bind oss saman, frå artist til publikum. Eg kan allereie sjå for meg bøttehatt-kledde Fjorden-fans stå og synge desse orda, igjen og igjen. Og andre musikkelskarar, for den del.

For denne låten pløyar ny mark i Fjorden Baby!-landet. Det er lyden av ein hit som går utanfor dei vante grensene, som vrir og vender på det etablerte. Det er lystigare, lettare enn det Fjorden Baby! har gjort før. Gitaren langt mindre skrikande, utan at det dermed høyrest spinkelt eller enkelt ut. Kvelertak på dagen, vrir han om til en rar en/og du kan skylde på meg/og eg skal skylde på deg. Til du huskar å miste taket.

Ligg forklaringa i John Olav? Han melder seg på ferda. Og det er ei fryd å sjå han tilbake i manesjen - på bergensk, såklart. Og så: Igjen og igjen og igjen og igjen. Same oppskrift. Men denne gong med John Olavs stemme. Han er ingen gullstrupe, akkurat, men likevel følest det som at berre han kan synge desse orda på ein slik genuin måte. Nams synth trer fram att. Beaten lett og taktfast i bakgrunnen. Skingrande gitarspel. Vi har Kjærlighet på piller/Og kjærlighet på pinner. Sturle melder seg på att.

Korfor går vi i ring til ingen finner fram, kontrar John Olav. Det heile tar med eitt form av ein duett mellom to anti-heltar, som nekter å gi seg hen til borgarlege ideal, som køyrer sitt løp same kva. Og mens verden går på skinner/Og minner forvirrer. Så kjører vi oss vill, til vi forsvinner. John Olavs stemme svinnar hen. Igjen og igjen og igjen og igjen. Stemmene deira flettast saman, igjen og igjen, dei andre medlemmane korar med. Nams mjuke synthlydar sveipar over landskapet og tonar ut det som vi herved kan døype til årets bergenske poplåt - iallfall så langt.