(Brilliance Records)
Det mangler ikke på meloditeft hos Strange Hellos.
Anmeldt av Sondre Åkervik
Møt nok ei bergensk «supergruppe». Strange Hellos består av Odd Martin Skålnes (O. Martin, Aurora), Fredrik Vogsborg (The Megaphonic Thrift, Casiokids), Even Kjellby (Great News) og Birgitta Alida Hole (Lumikide). «We Are Trouble» er gruppas tredje singel og føyer seg fint inn i låtkatalogen så langt. Sjangermessig snakkar vi ein slags sølete power-pop med skitne, skingrande gitarar, relativt økonomiske arrangement og ein vokalist som veit kva ho driv med. Ingenting revolusjonerande, altså, men Strange Hellos har såpass med meloditeft at dei legitimerer sin eksistens utover dei andre gruppene.