- Store P speler i ein eigen liga

TILBAKE: Debutplata til Store P er allereie ein norsk rap-klassikar. No er rapparen frå Fyllingsdalen tilbake med ein knallsterk singel.

Då Petter «Store P» Sundsby, etter mange år som sidekick i rapgruppa A-laget, tok steget vidare som soloartist, var det med bravur: «Regnmannen» (2014) fekk seksarane kasta etter seg og tok også med seg Spellemann i kategorien «Urban». Eit sjeldan tilfelle av poetisk rettferd. «Regnmannen» er rett og slett ein vaskeekte norsk rapklassikar, som garantert blir ståande som ein milepæl når historia om norsk rap ein gong blir skrive.

Forutan ein doggfrisk produksjon, ein norsk variant av Atlanta-soundet, er det likevel Store P sjølv som gjer han unik i norsk rapsamheng. Den distinkte stemma hans; porøs, lutftig og med store innslag av esje-lyder, har då også fått sine etterfølgjarar i rapkollektivet Yoguttene, og ein sketsj på det no nedlagde humorprogrammet Kollektivet.

«Vi esje herifrå» er med andre ord ein etterlengta singel. Og då som no handlar det om form og flow: Det er lyden av Store P, det er lyden av språk som ikkje høyrer heime på papiret, men i lydleg form – altså flowet. Og det er her Store P speler i ein annan liga enn dei andre, ein liga der tempo, uttale, trykk, intonasjon og melodiøsitet går opp i ein høgare form.

Han viser her alle rapjyplingar kvar skapet skal stå. «Vi esje herifrå» dyrkar det melodiske frå start til slutt med ein underliggjande melankoli: den såre, sveipande synthmelodien får innslag av sub-bass og tørre trommer, men elles er det Store Ps tilbakelente, lågmælte vokal som står for melodiøsiteten. Store P svevar vidare, ut av dyna med lommelykt, ut av rommet der han kunne vere i si eiga verd. No har han himmelhøge ambisjonar: «Men vi esje herifrå, baby, nei / Vi i e i space.»