Ein meir polert John Olav Nilsen

NILSEN OG NORDSJØEN: I desse dagar er det omtrent akkurat tre år sidan John Olav Nilsen & Gjengen heldt sin avskjedskonsert på USF Verftet. No er han tilbake med ny singel saman med delar av «gjengen» . John Olav Nilsen går til krig for kjærleiken på låten «Inn i min tid». Frå venstre: Einar Vågenes, John Olav Nilsen og Lars Eriksen.

Sidan John Olav Nilsen & Gjengen kasta inn handkledet i 2014, har hovudpersonen sjølv vore mest i rampelyset for andre ting enn musikken. Då han så i fjor kom ut med nytt låtmateriale var det eit sterkt brot med den norskspråklege rocken han og bandet brakdebuterte med i 2009.

Prosjektet True I.T.C gjekk nok under radaren på mange, og lente seg meir mot den britiske synthbaserte musikken frå åttitalet og fram til i dag, samt elektronisk gitarpop frå Göteborg på 00-talet. Attpåtil song den bergenske rennesteinspoeten på engelsk! Kanskje eit litt for stort stilbrot, om enn eit nødvendig eitt for Nilsen, som no relanserer seg med eit prosjekt som minner meir om det med forbind med John Olav Nilsen.

«Inn i min tid» er første singel frå det nye prosjektet John Olav Nilsen og Nordsjøen, som på fleire måtar er ei bru mellom då og no. For det første syng Nilsen på bergensk att, for det andre består besetninga av to av gamle Gjengen-medlemmar – Einar Vågenes og Lars Eriksen.

Stilistisk er vi i Storbritannia, der Pet Shop Boys framleis lurer i kulissane, men med ein fot planta i det moderne Skandinavia og den «janglete» signaturgitaren frå Göteborg-band som The Embassy og Studio.

Det er i dette stillandskapet John Olav Nilsen no ferdast, men tilbakevendinga til morsmålet gir han noko av det særpreget som mangla ved True I.T.C. «Inn i min tid» er ein polert, vellydande poplåt, med behageleg gitarplukking og kjølig vindskeiv synth som gir tekstur utan å bli for dominerande.

Det er god plass her til Nilsens lyriske univers, som igjen viser evna til å lage sjølvrefleksive tekstar med sterke refreng: «Dum som eg så e så går eg til krig/for det e inn i min tid/for det e som en soldat/mitt hode på et fat.»