Spennande, og litt lang

Monica er prest, men definitivt ikkje A-4-typen, og lykkeleg gift. Veninna Beate er advokat, og var lykkeleg gift. Mannen hennar døydde i ei trafikkulykke, og ho føler at ho har mykje av skulda. I løpet av om lag sju månadar, frå mai til november (utan årstal, men vi er nær vår eiga tid), kjem dei to veninnene – direkte og indirekte – i kontakt med mange personar: ein mafiaboss, ein ung hasj-seljar og ufrivillig heroinsmuglar, ei barneheimsjente i tenåra frå Guatemala – og ein jeger med eit stort hjarta for så vel dyr som menneske.

Handlinga har forfattaren lagt til Danmark, Guatemala, Mexico og USA – for å nemne nokre av dei viktigaste åstadane. Og kva handlar så boka om? Ganske så mykje, faktisk. Eg nemner i fleng; forelsking og kjærleik, klassisk jakt på rådyr, flukt, seksuelle overgrep, hemn og drap, og sterke naturopplevingar – blant anna ein formidabel orkan, grufull på den amerikanske sida av Atlanteren, restane av han øydeleggjande i Danmark. Som tittelen ymtar frampå om, den destruktive orkanen – naturfenomenet er sentralt.

Ein vidtfemnande roman skreiv eg innleiingsvis. Ja, og det er både litt pluss og litt minus for boka til Anne-Cathrine Riebnitzsky. På plussida, romanen blir etter kvar ganske spennande underhaldning. Forfattaren greier også å skape truverdige personskildringar.

På minussida, særleg når det gjeld veninneforholdet mellom dei to hovudpersonane, blir det mykje småprat – iblant på kanten til det sentimentale. Og akkurat der er hovudinnvendinga mi mot ein roman som iblant glimtar til med flotte formuleringar. Boka fyller over 360 sider, og det er altfor mykje. Ei solid innstramming ville ha gjort ein grei roman til ein god roman, kanskje svært god.

Eit par lause trådar får meg til å tru at forfattaren kanskje har meir på hjarta om Beate, Monica og andre sentrale/meir perifere personar. Eit rått drap på ein kjeltring i det store formatet, blir hengande i lause lufta, og ein muleg helt blir berre borte i orkanen. Ei ung jente, valdtektsoffer, overlever på mirakuløst vis, utan at vi får vite korleis.